Hopp til innhold

– Dei fleste har fått straumen attende

Eit lynnedslag i Sandviken i Bergen gjorde 4800 kundar straumlause, og 3200 av desse kunne rekne med at dei ikkje fekk straumen attende før tysdag. Dei fleste skal klokka 21.30 måndag ha fått straumen attende.

Sandviken utan straum

STRAUMLAUSE: Her er Sandvikstorget under straumbrotet. 3200 kundar er framleis utan straum, og kan vente å ikkje få straumen attende før i morgon.

Foto: Adalheidur Oldeide

SISTE: – Dei fleste har fått straumen attende, og circa 180 kundar er framleis straumlause, seier Jarle Hodne, kommunikasjonsrådgjevar i BKK klokka 21.30 måndag.

Kunne vare heile natta

Tonny Nundal i BKK

VERRE ENN ANTATT: Tonny Nundal i BKK sa klokka 20.00 at skadane etter lynnedslaget i Sandviken var verre enn antatt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Eit lynnedslag gjorde store delar av Sandviken straumlause, og meldinga var klokka 20.00 at skadane var verre enn venta.

– Skadane er verre enn antatt, og det har gått ut over kablar og transformatorar. Ein må rekne med at fleire i Sandviken blir utan straum heile natta, seier Tonny Nundal, kommunikasjonsdirektør i BKK.

Klokka 21.30 var feilen i Sandviken retta, men nokre var framleis utan straum.

– Sandviken sjukehus er utan straum, men me køyrer eit aggregat der, og om ein times tid har dei straumen attende der, seier Hodne.

Fløyfjellstunnelen vart også stengt i ein kort periode grunna straumbrotet i Sandviken.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Rettar kontinuerleg

BKK opplyser at opp mot 60 000 kundar i Hordaland var utan straum på det meste under ekstremværet «Nina». Med lynnedslaget i Sandviken og ekstremværet i helga, er til saman 1000 kundar framleis straumlause.

– Rundt 1000 husstandar er utan straum i fylket, så det har gått riktig veg. Fana-området er hardast ramma, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK Jarle Hodne, klokka 23.19.

På det meste var også 2500 kundar straumlause på Stord, melder Sunnhordland Kraftlag. 3–5 kundar har enno ikkje fått straumen attende.

NRK oppdaterer saka.