Hopp til innhold

Straumbrot i Sandviken

  • MANGE HAR FÅTT STRAUMEN ATT:

    – Dei fleste har fått straumen attende, og circa 180 kundar er framleis straumlause i Sandviken. Sandviken sjukehus er utan straum, men me køyrer eit aggregat der, og om ein times tid har dei straumen attende der, seier Jarle Hodne, kommunikasjonsrådgjevar i BKK.

  • FLØYFJELLSTUNNELEN OPNA ATT:

    Laster Twitter-innhold
  • FLØYFJELLSTUNNELEN STENGT:

    Laster Twitter-innhold
  • KAN BLI UTAN STRAUM HEILE NATTA:

    3200 kundar er no utan straum i Sandviken i Bergen. – Skadane er verre enn antatt, og det har gått ut over kablar og transformatorar, så ein må rekne med at fleire i Sandviken blir utan straum heile natta, seier Tonny Nundal, kommunikasjonsdirektør i BKK.

  • HEILE SANDVIKEN UTAN STRAUM:

    På grunn av eit lyn som har slått ned i Sandviken i Bergen, er 4800 kundar utan straum, melder BKK. Begge transformatorane er slått ut, og BKK håpar det ikkje skal gå for lang tid før straumen er attende. I tillegg er framleis 3500 kundar ramma av straumbrot etter ekstremværet i helga.

    Sandviken utan straum
    Foto: Adalheidur Oldeide