Hopp til innhold

Straumbrot i Bergen

  • – MÅTTE STENGJE BUTIKKEN

    Butikken Mammashop var ein av fleire som vart råka av straumbrotet i sentrum. – Eg fekk beskjed frå BKK at straumen ville kome tilbake klokka 16:00, men då klokka var 16:30 var det enno mørkt, seier Petterson. Ho måtte stengje butikken då det var ingenting som fungerte. – Ein blir veldig sårbar når sånt skjer, seier ho til NRK.no.

  • KUNDAR ENNO RÅKA AV STRAUMBROT:

    Det skal ha vore ein jordfeil som førte til at 400 kundar vart råka av straumbrot i Bergen sentrum i ettermiddag. Enno er det 196 kundar som ikkje har fått straumen tilbake. BKK jobbar med siste stasjon, og trur det i alle fall vil gå ein time til før straumen er tilbake hos dei siste kundane.

  • STRAUMBROT I BERGEN SENTRUM:

    Om lag 400 kundar er råka av straumbrot i Bergen sentrum. Årsaka til feilen er ikkje kjent. – Me gjer det me kan for å rette feilen og håpar feilen er retta klokka 16.00 i dag, seier Anne Mette Tuvin i BKK. Straumen har gått mellom anna på Kløverhuset.

    rulletrapp
    Foto: Roy Hilmad Svendsen / NRK