Hopp til innhold

Innfører vakthald for å unngå brann

Jernbaneverket innfører vakthald i tre timar etter sveisearbeid.

Sivilforsvaret rydder på Hallingskeid

Strakstiltak frå Jernbaneverket skal hindra at dette skjer igjen.

Foto: Sivilforsvaret

I dag kom den førebelse rapporten frå Havarikommisjonen etter den dramatiske togbrannen på Hallingskeid 16. juni.

Eit snøoverbygg tok fyr, og brannen spreidde seg til eit passasjertog på veg frå Bergen til Oslo. Heldigvis kom dei over 250 passasjerane seg uskadde ut i tide, men etter kort tid stod heile toget i full fyr. Brannen førte til svært store materielle skadar.

Rapporten som kom i dag slår fast at det mest truleg er gnistar frå sveise- og slipearbeid på skinnegangen kort tid før brannen som har ført til at snøoverbygget tok fyr.

Brann på Hallingskeid

Slik såg det ut under brannen på Hallingskeid 16. juni.

Foto: Ida Hovde / SCANPIX

Vakthald i tre timar

Stein O. Nes

Stein O. Nes i Jernbaneverket.

Foto: Hilde Lillejord/Jernbaneverket

Jernbaneverket innfører no ein ny regel som skal gjelda sveisearbeid på alle jernbanestrekningar i Noreg, som ein direkte konsekvens av rapporten.

– Vi har no bestemt oss for å innføra tre timars vakthald etter sveisearbeid. Bakgrunnen er at det ser ut som sveisearbeid var årsaka til brannen på Hallingskeid, seier fungerande direktør i Jernbaneverket Stein O. Nes til NRK.

Jernbaneverket vurderer og å laga ein eigen arbeidsinstruks for denne typen arbeid.

Kritikk mot beredskap

I tillegg til manglande rutinar ved sveising og sliping av skinner, stiller Havarikommisjonen spørsmål ved beredskapen som skulle stått klar på Voss.

Eit aggregat som skulle trekkja brannvogn og utstyr var til reparasjon, og eit reserveaggregat var ute av drift. I tillegg mangla førar som kunne kjøra utstyret, og i alt tok det nesten seks timar før ein fekk opp sløkkeutstyr.

Havarikommisjonen meiner dette vitnar om manglande beredskap frå Jernbaneverket, og at Hallingskeid-brannen er eit eksempel på dette.

Video Passasjertog i full fyr på Bergensbanen

SJÅ VIDEO: Snøoverbygg og passasjertog i full fyr ved Hallingskeid stasjon på Bergensbanen 16. juni.

– Ikkje overraska over kritikk

Jernbaneverket seier dei tar kritikken på alvor.

– Det er heilt sikkert at dette er ei alvorleg sak. Men vi kan dessverre ikkje seia at vi er veldig overraska, sidan manglar ved beredskapen og blei påpeika i ein annan rapport som kom nyleg, seier Stein O. Nes i Jernbaneverket.

Han innrømmer at Jernbaneverket ikkje er heilt der dei bør vera når det gjeld beredskap.

– Vi jobbar med å bli betre, seier Nes.

Les heile rapporten frå Havarikommisjonen.

Jernbaneskinner på Meråkerbanen på Hell

Jernbaneverket innfører nye og strengare reglar for sveising og sliping av jernbaneskinner frå og med i dag.

Foto: Tor Beisvåg