NRK Meny
Normal

Støtta Monika-varslar – vart omplassert

Då ein etterforskar i politiet i Bergen vart omtalt i negative ordlag av ein leiar, valde politiadvokat Liv Giertsen å sei ifrå. No føler ho seg straffa.

Bergen Politikammer

OMPLASSERT: Ein politiadvokat i Hordaland politidistrikt føler seg straffa av politileiinga etter at ho i fjor haust varsla om ukultur i forbindelse med Monika-saka.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Leiinga i Hordaland politidistrikt har omplassert Giertsen mot hennar vilje, skriv VG i dag.

Politiadvokaten sjølv ser på omplasseringa som straff for at ho tok politietterforskar og Monika-varslar Robin Schaefer i forsvar.

Det var etter eit internt møte på politihuset i september i fjor at Giertsen valde å sei ifrå. Ifølge ho vart Schaefer omtala i negative ordlag og på ein slik måte at Giertsen meinte det var straffbart.

Fleire varslarsaker

Visepolitimeister Gunnar Fløystad vart seinare frikjent av sine eigne i Hordaland politidistrikt for skuldingane om trakassering under møtet. Ei avgjerd Giertsen har klaga på.

Politiadvokat Liv Giertsen i Hordaland politidistrikt

Politiadvokat Liv Giertsen i Hordaland politidistrikt.

Foto: NRK

– Eg visste i det eg trykka på send-knappen at eg var i ferd med å gjere påtalemessig sjølvmord, men det var ingen veg utanom, seier Giertsen til VG om brevet ho sende til politimeister Geir Gudmundsen.

Hennar varslingssak er ein av fleire i bergenspolitiet, etter at Monika-saka sprakk i fjor haust. No føler ho seg straffa for at ho tok Schaefer i støtte.

– Eg opplever at dei ser på meg som brysam og at dei ønskjer å nøytralisere meg.

NRK har måndag vore i kontakt med Giertsen, som bekreftar utsegnene sine til VG.

Flytta frå stillinga medan ho var sjukmeld

Medan Giertsen har vore sjukmeld frå arbeidsplassen sin ved Bergen sør politistasjon, har påtalegruppa ved stasjonen ifølge VG blitt oppløyst av leiinga i politidistriktet. Ein anna jurist har flytta inn på kontoret til Giertsen, medan ho altså er omplassert til ein stilling ho sjølv ikkje vil ha.

Giertsen får støtte frå Politiets Fellesforbund i Hordaland.

– Vi meiner å kunne underbygga med støtte frå lovverket rundt varslarar, at behandlinga av Liv Giertsen er ulovleg, seier leiar Kjetil Rekdal til VG.

Avviser straff

Politileiinga nektar for at omplasseringa har noko som helst med varslingssaka til Giertsen å gjera.

Konstituert politimester John Reidar Nilsen i Hordaland politidistrikt

Politimeister John Reidar Nilsen i Hordaland politidistrikt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Når eg som politimeister får beskjed om eit helseskadeleg arbeidsmiljø må eg setje i verk tiltak for å rette situasjonen, seier politimeister John Reidar Nilsen til VG.

Han syner til ein rapport om alvorlege arbeidsforhold for juristane ved Bergen sør.

– I denne saka var det ikkje andre moglegheiter enn løyse opp det dysfunksjonelle arbeidsmiljøet.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo