– Uforståeleg korleis kollisjonen kunne skje

Martin Kolberg (Ap) meiner det framstår uforståeleg korleis fregatt-kollisjonen kunne skje. Fleire stortingspolitikarar vil no ha meir openheit om kva som skjedde med KNM «Helge Ingstad».

Havarerte KNM Helge Ingstad måndag 12.november

ETTERLYSER SVAR: Fregatten ligg i fjøresteinane i Øygarden, og har glidd endå djupare i sjøen etter at dette biletet blei tatt. No vil fleire sentrale stortingspolitikarar ha tydelegare svar på kva som førte til kollisjonen.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Over ei veke etter at KNM «Helge Ingstad» kolliderte med eit tankskip og havarerte i Hjeltefjorden, er det uklart kva som forårsaka ulukka.

Sjøforsvarssjef Nils Andreas Stensønes fortel i eit intervju med NRK fredag at han ikkje veit kva som skjedde i minutta før ulukka.

Politikarar i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget seier dei forventar openheit frå både Forsvaret og forsvarsministeren om kva som har skjedd.

– Slik det framstår no, er det uforståeleg for det offentlege at dette kunne skje, seier Martin Kolberg (Ap).

martin Kolberg

– UFORSTÅELEG: Martin Kolberg (Ap) meiner det er uforståeleg for det offentlege at fregattkollisjonen i Øygarden førre veke kunne skje.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NPK

Ber om rask utgreiing

Då KNM «Helge Ingstad» blei sett ut av spel, mista Noreg ein av fem fregattar. Kolberg kallar det ein betydeleg og beklageleg reduksjon av Noregs forsvarskapasitet.

– Derfor er det viktig at både Sjøforsvaret og Forsvarsdepartementet er opne om kva som var årsaka til ulukka, med atterhald om at det ikkje har med sentrale nasjonale sikkerheitsinteresser å gjere, seier Kolberg.

Christian Tybring-Gjedde (Frp) fortel at han på vegner av Framstegspartiet har bedt komiteleiar Anniken Huitfeldt (Ap) om å be om ei utgreiing frå forsvarsministeren.

– Det bør skje raskt, seier Tybring-Gjedde.

Orientering neste veke

Komiteleiar Anniken Huitfeldt (Ap) fortel at ho allereie har bedt både forsvarsministeren og forsvarssjefen om ei orientering i Stortinget neste veke.

Der vil ho ha svar på kva konsekvensar dette har for Noreg, og kva tiltak som bør bli sett i verk.

Anniken Huitfeldt

BEDT OM ORIENTERING: Komiteleiar Anniken Huitfeldt (Ap) har allereie bedt forsvarsministeren og forsvarssjefen om ei orientering i Stortinget neste veke.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Både Forsvaret og storsamfunnet har interesse av å få oppklart korleis kollisjonen kunne skje. Det same gjeld den feilslåtte berginga. Samstundes er det viktig at dei interne og eksterne undersøkingane får halde på, og konkludere utan politisk innblanding.

– Svært undrande

Denne veka besøkte forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) marinebasen Haakonsvern. Der møtte han mannskapet som var om bord i fregatten. Då fortalde han NRK at han førebels ikkje har fått noko forklaring av Sjøforsvaret om kva som gjekk gale.

– Vi har ikkje diskutert det. Av respekt for dei som var involvert, og for arbeidet til havarikommisjonen, så lar vi dei jobbe med saka, sa Bakke-Jensen.

Komitemedlemmane frå opposisjonspartia på Stortinget undrar seg over denne forklaringa frå forsvarsministeren.

– Eg tar det for gitt at forsvarsministeren held seg løpande informert, seier partileiar i SV, Audun Lysbakken.

Også Huitfeldt og Kolberg støttar Lysbakken i dette.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

VIL HA SVAR: Fleire politikarar i forsvarskomiteen på Stortinget forventar at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) held seg fullt oppdatert om KNM «Helge Ingstad».

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Eg stiller meg svært undrande til at forsvarsministeren ikkje har fått informasjon om dette, seier Kolberg til NRK.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier til NRK fredag ettermiddag at han ikkje veit meir enn han kan seie offentleg.

– Eg er informert om det eg treng å bli informert om, men akkurat skuldspørsmål og hendingsforløp er det havarikommisjonen som tar seg av, seier Bakke-Jensen til NRK.

Kan gli endå djupare i sjøen

Over ei veke etter havariet ligg fregatten framleis delvis under vatn i Hjeltefjorden. Sikringsarbeidet blei stogga torsdag kveld grunna dårleg vêr.

Sjøforsvaret skriv i ei pressemelding fredag at fregatten har lege roleg natt til fredag, men at det framleis er betydeleg risiko for at fartøyet kan gli ut på djupare vatn.

«Det er store krefter i sving, og fleire faktorar påverkar situasjonen». skriv dei i pressemeldinga.