Hopp til innhold

Stort steinras i Hardanger – vegen stengd på ubestemt tid

Den svært rasutsette fylkesveg 550 er stengd inntil vidare. – Det rauk enno av steinane då eg kom, seier Rune Skjerveggen Holven, som var førstemann til staden.

Steinras på fylkesveg 550

STEINRAS: Politiet omtalar raset som stort. Fleire store steinblokker sperrar vegen.

Foto: Politiet

Politi og brannvesen fekk melding om jord- og steinraset om lag klokka 18.15. Raset gjekk ved Trones, mellom Utne og Grimo på fylkesveg 550 i Hardanger.

– Det er kjempestore steinar som har falle ned i vegen. Me har ikkje fått meldingar om at nokon er skadde, seier operasjonsleiar i politiet, Dag Olav Sætre.

Køyrde nesten inn i raset

Rune Skjerveggen Holven kom køyrande frå Utne då han måtte bråstoppa rundt ein sving.

– Eg fekk meg ein støkk. Det kom enno røyk frå raset, så det kan ikkje ha gått veldig lang tid sidan raset hadde gått, seier han til NRK.

Steinras på fylksveg 550

FLEIRE STEINAR: Rune Skjerveggen Holven møtte dette synet då han kom køyrande frå Utne.

Foto: Rune Skjerveggen Holven

Holven måtte snu og ta ferja over fjorden for å koma seg heim til Haugesund måndag kveld. Han har vore vane med at vegen blir stengd på grunn av ras, men har aldri kome så tett på.

– Eg er først og fremst glad for at det nok ein gong gjekk så bra.

Stengd fram til tysdag

Statens vegvesen melde etter kort tid at vegen vil bli stengd fram til tysdag føremiddag. Ein geolog vil undersøka terrenget klokka 11.

– Nokre av steinane er så store at det truleg må sprengast eller borast. Det er for tidleg å seia noko om når vegen vil opna. Me tar ei ny vurdering i morgon, sa trafikkoperatør Morten Hansen i Statens vegvesen til NRK klokka 19.15.

Ifølge trafikkoperatøren er det fleire tonn tunge steinblokker som har rast ut i vegen.

– Innringaren melder at dei er to meter i høgda og fire-fem meter i breidda. Det ser svært omfattande ut.

– Ser at det er skader på vegen

Det er i ferd med å bli mørkt og ikkje aktuelt for geologen å reisa på synfaring måndag kveld. Reisande på vestsida av Sørfjorden må difor belaga seg på å køyra via Jondal og Odda.

– Det er i ferd med å bli mørkt og er difor heilt riktig å venta til i morgon. Ut frå bileta veit me at det er skader på rekkverk og vegbane.

Nesten på dagen for tre år sidan gjekk det eit snøskred ved Velure lenger sør på vegstrekninga. Då var vegen stengd i fleire dagar.

Steinras på fylkesveg 550