Hopp til innhold

Stort ras blokkerer fylkesveg – må sjekke fjellsida med drone

Store steinblokker på fylkesveg 569 i Hordaland gir lang omkøyringsveg. Vegen blir ikkje opna igjen i dag.

Ras Dalseid

STENGT VEG: Fylkesveg 569 mellom Dalseid og Stamnes er stengt etter eit ras ved 5-tida i dag tidleg.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Den smale og svingete vegen mellom Dalseid og Stamnes blei i natt stengd på grunn av eit større steinras.

Onsdag morgon er det framleis uklart når vegen kan opne igjen. Det hølja ned over Vestlandet i heile går, og fleire stader stod folk rasvakt for å passe på.

Det var ingen rasvakter på fylkesveg 569 i natt, men heldigvis var det heller ikkje bilistar på vegen.

Dei store steinblokkene og jordmassane har treft vegen om lag ein kilometer nord for Dalseid i Vaksdal.

Ras på fylkesveg 569 mellom Dalseid og Stamnes

KJEMPESTEINAR: Steinane som no blokkerer fylkesvegen i Hordaland er digre.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Må vite at det er trygt

Kjartan Ringheim i Presis Vegdrift fortel til NRK at dei først trudde dei kunne byrje rydde etter raset, men at dei no er avhengig av ein geolog til å ta vidare vurdering.

Geologen må sjå nærare på fjellsida før han kan gi klarsignal for at det er trygt å rydde. NRK får opplyst at det skal brukast drone i dette arbeidet, fordi raset truleg har kome frå stor høgde.

Det er framleis uvisst om når vegen kan opne att. Det blir tatt ei ny vurdering på staden torsdag klokka 10. Enn så lenge er omkøyringa lang og kronglete.

Bilistar kan køyre om Evanger og Eksingedalen på fylkesveg 313.

stengt vei dalseid

Mykje regn

Nedbørsmengdene tysdag kan samanliknast med ein skikkeleg rundvask av Vestlandet.

Gullfjellet i Hordaland fekk mest med heile 151 millimeter nedbør på 24 timar. Liarvatn i Rogaland tok ein god andreplass med 119,6 millimeter.

Laster Twitter-innhold

Vassmengdene har skapt trøbbel for trafikken fleire stader. På Hamrevegen i Bergen var det manuell dirigering i dag tidleg grunna overvatn.

På E39 ved Kaland var det lange køar tysdag ettermiddag på grunn av flaum. Men vestlendingane får ein etterlengta pause frå striregnet i dag og torsdag.

Torsdag er det meld sol og varmt vær over store delar av Vestlandet og Sør-Noreg.