NRK Meny
Normal

Stort helikopterbehov i Hardanger

Måndag opplevde Ullensvang ei tragisk helikopterulukke. Men folk i området vil halda fram med å bruka helikoptertransport.

Helikopteraktivitet i Hardanger

Helikopteraktivitet i Hardanger.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– No er det midt i ferien og folk har planlagt å reisa til fjells på hyttene sine. Skal ein ha familie, ungar og eldre folk med seg så er det ikkje noko alternativ. Eg skal opp med foreldra mine seinare i sommar og då blir helikopter løysinga, seier Terje Sandvik frå Kinsarvik.

For mange i Hardanger er helikopter ein viktig del av kvardagen.

– Opp til vidda er helikopter heilt uvurderleg, både for transport av folk, proviant og materiale til vedlikehald og nybygg, seier Sandvik.

Mykje frakt til Hardangervidda

Fem personar mista livet i ulukka måndag . Det var eit av Airlift sine helikopter som var involvert i ulukka, og tysdag sette selskapet alle helikoptera sine på bakken . No er drifta i gang igjen.

Det store behovet for å frakta personar og varer opp mot Hardangervidda er ein av hovudgrunnane til at Airlift har ein av sine tre basar i Kinsarvik.

– Me flyr hyttebygging og persontrafikk frå alle våre utgangspunkt, men me ser at me har ein større andel av det i Hardanger, seier marknadssjef Erlend Folstad.

– Er ikkje anna tilkomst

Tilsynsutvalet i Hordaland kontrollerer helikopterbruken i fjellet. Dei registrerer også at mange i Ullensvang har behov for å bruka helikopter til transport.

– Det er ganske viktig, for det er ikkje anna tilkomst. Det er ikkje veg til fjells og ikkje alle stadar det er store nok flyvatn til å landa på. Difor blir helikopter brukt, seier Anne Gerd Jønne i tilsynsutvalet.

LES OGSÅ: – Redd konkurransen går på sikkerheten løs

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik