Storsatsing på fornybar energi

- Ei fantastisk måte å kombinera verdiskaping og miljø på, seier Trond Giske.

Vindkraft

I dag blei ein prototype av SWAY AS si mølle i redusert skala sett i drift uanfor Kollsnes.

Foto: Trygve Hellestræ

Trond Giske

Næringsminister Trond Giske

Foto: Trygve Hellestræ

I dag opna Trond Giske eit nytt pilotanlegg med flytande vindmøller, Sway 1, i Hjeltefjorden ved Kollsnes.

Anlegget er det første i sitt slag i Noreg, og målet er at det skal gje meir lønnsam straumproduksjon enn andre typar møller.

- Dette er jo ein fantastisk måte å kombinere verdiskaping og miljø. Me veit at Europa treng masse fornybar energi i åra som kjem, og vind er noko me har mykje av. Det er ein evigvarande ressurs, sa Trond Giske til NRK.

- Det å klara å utnytta det til å erstatte fossile brensler, det er både løysing på miljøproblema og ein fantastisk moglegheit for norske bedrifter og arbeidsplassar.

Pilotmølle i Hjeltefjorden har fått investeringsstøtte frå Forskingsrådet og driftsstøtte frå Innovasjon Norge, melder bt.no.

På eit møte i Bergen fredag presenterte dei sine program for satsing på fornybar energi.

Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Norge skal ha til saman 900 millionar kroner klare til vindkraft og anna fornybar energi berre i år, i fylgje bt.no.