Hopp til innhold

Eldre på antidepressiva får oftare hoftebrot

Eldre som tek antidepressiva har 70 prosent større risiko for hoftebrot enn andre eldre, viser ei fersk studie. No vert legar oppmoda om å vere forsiktigare med å skrive ut slik medisin til denne aldersgruppa.

Eldresenter

STOR RISIKO FOR HOFTEBROT (illustrasjonsfoto): Ei ny studie frå Universitetet i Bergen syner at eldre som tek antidepressiva har 70 prosent større sjanse for å bryte hofta enn andre eldre.

Foto: Paal Audestad/Aftenposten / Scanpix

Ein er meir utsett for hoftebrot dersom ein brukar medisin mot depresjon.

Marit Stordal Bakken

Kvart år bryt 9000 nordmenn hofta, og blant desse er det særleg mange eldre menneske.

– Å brekke hofta er rett og slett ei katastrofe for den det gjelder, seier lege og forskar ved institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen, Marit Stordal Bakken.

I seks år har ho forska på samanhengen mellom bruk av antidepressiva og hoftebrot. Resultata er oppsiktsvekkande: Eldre som tek antidepressiva har 70 prosent større risiko for hoftebrot enn andre eldre.

– Ein er meir utsett for hoftebrot dersom ein brukar medisin mot depresjon, seier Bakken, som meiner legar må bli meir forsiktige med å skrive ut slik medisin til eldre.

LES OGSÅ: Tørrtrenar for å unngå hoftebrot

– Mange med hoftebrot dør tidlegare

Studien frå Universitetet i Bergen er basert på data frå nasjonale register. Forskarane har undersøkt alle over 60 år i heile landet, og samanlikna talet på kor mange som brakk hofta medan dei gjekk på medisin mot depresjon, med kor mange som gjorde det utan å gå på slik medisin.

Antidepressiva fører til meir beinskjørheit. I tillegg gjev medikamentbruken dårlegare balanseevne hos eldre, som igjen aukar risikoen for fall.

– Det ser også ut til at desse medisinane påverkar beinvev på ein negativ måte som gjer at ein får større sjanse for beinbrot når ein fyrst fell, seier forskaren.

Sjølv om samanhengen mellom hoftebrot og medisinbruk er tydeleg, kan ikkje forskarne fastslå ein heilt sikker årsakssamanheng.

– Funnet er likevel viktig. Vi dokumenterar at mange eldre på antidepressiva rammes av hoftebrot, og at dei er overrepresentert i bruddstatistikken sammenliknet med ikkje-brukare, seier Bakken.

LES OGSÅ: – Mineralfattig drikkevann kan føre til beinbrudd

Marit Stordal Bakken

FORSKA PÅ ELDRE: Marit Stordal Bakken er ein av forskarane bak studia som syner at eldre på antidepressiva har større risiko for å bryte hofta.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Den vanlegaste medisinen for eldre

Ein god del eldre dør tidlegare enn det dei elles ville gjort etter eit hoftebrot.

Marit Stordal Bakken

Behandling med antidepressiva er utbreidd blant eldre. Det er dei nyaste medisinane som også er mest brukt, som gjev størst risiko for hoftebrot.

Dette er svært alvorleg spesielt for eldre menneske, meiner Bakken.

– Mange klarar seg ikkje heime lenger etter eit slikt brot, og det er også ein god del som dør tidlegare enn det dei elles ville ha gjort.

I tillegg vert ein avhengig av hjelpemiddel til å gå, som krykker, rullator eller rullestol.

– Mange har openbart bruk for slike medikament og har god bruk for dei, men funna våre syner at ein må vere nøye med å berre skrive dei ut til dei som verkeleg trenger dei, seier Bakken.

LES OGSÅ: Flere eldre er deprimerte - tør ikke søke hjelp

– For mange eldre går på antidepressiva

Eldreomsorg

AUKAR RISIKOEN FOR FALL: Antidepressiva fører til meir beinskjørheit. I tillegg gjev medikamentbruken dårlegare balanseevne hos eldre, som igjen aukar risikoen for fall, syner studien frå UiB.

Foto: Illustrasjonsfoto / Colourbox.com

Også sjukeheimslege i Samnanger, Kristian Jansen, meiner at for mange eldre går på antidepressiva – for lenge.

– Det er ein veldig vanleg medisin. Opp i halvparten av dei som bur på sjukeheimar går på det.

Han skildrar funna frå Universitetet i Bergen, som oppsiktsvekkande.

– Det finst tidlegare studiar som tyder på det same, men eg trur ikkje at dette sit i pannebrasken til dei fleste sjukeheimslegar og folk flest, seier Jansen.

– Me må bruke medisinar med vett

Sjukeheimslegen seier medikament mot depresjon også blir skrive ut til eldre som ikkje har depresjon, men ei vanskeleg åtferd knyta til demens.

– Det viktige er at ein følgjer med og vurderer behandlinga. Det er veldig viktig å prøve å ta bort medisinen etter kvart.

– Er ein flink nok til å prøve å trappe ned på denne medisinen etter kvart?

– Heilt sikkert ikkje. Når ting er bra, så tenker nok mange «kvifor skal ein gjere noko med det»? Men ifølgje retningslinjene skal ein prøve å seponere etter eit halvt til eit år.

Også lege og forskar, Marit Stordal Bakken, meiner at det med å prøve å trappe ned på medikamentet er viktig.

– Me må bruke medisinar med vett, og berre skrive ut til dei som verkeleg har ein god grunn til å bruke dei.

LES OGSÅ: – Mineralfattig drikkevann kan føre til beinbrudd