Hopp til innhold

Stormar rundt avisa Dagen etter kritikk mot 22. juli-bok

Dagen-redaktør møter motstand for å ha gått ut mot boka «22. juli-profetien». – Nokon støttar dei tankane som er i boka om at 22. juli er ein dom eller ei åtvaring frå gud, seier Selbekk.

Vebjørn Selbekk

KOKAR HJÅ DAGEN: I redaksjonslokala til Dagen og redaktør Vebjørn Selbekk kokar det om dagen, etter at avisa gjekk ut på leiarplass og tok avstand frå boka «22. juli-profetien».

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Desse personane meiner vel at dette er ei bok som avisa Dagen burde ha støtta i staden for å åtvara mot den som me har gjort på leiarplass.

«I kjølvatnet av store katastrofar eller terrorhandlingar dokker det nesten alltid opp konspirasjonsteoriar med opphav i lugubre miljø. Men når det gjelder Utøya-tragedien, er det faktisk kristne som står bak de verste konspirasjonane»

Slik byrja Vebjørn Selbekk leiarartikkelen 28. august som skulle setta sinne i kok hjå enkelte Dagen-lesarar rundt om i landet. Leiarartikkelen kom blant anna i kjølvatnet av at tidlegare listetopp Jan Ernst Gabrielsen i Partiet De Kristne i Vest-Agder gjekk ut å anbefalte boka.

– Gud lét terrorangrepet 22. juli skje som ein åtvaring til oss om å omvende oss frå vår synd og ugudelighet, og også mot vårt forhold til Israel, sa Jan Ernst Gabrielsen til NRK.

Han valde å trekka seg som fylkesleiar i partiet etter debatten om boka.

– Uforståeleg

Gabrielsen har tidlegare uttalt at han ikkje forstår kvifor Selbekk tar avstand frå boka.

– Eg er forskrekka over den leiaren til Vebjørn Selbekk. Eg føler han ligg langt utanfor tradisjonell bibelforståing når han kritiserer boka om 22. juli. For 80 år sidan hadde alle evangeliske kristne vore einig i dette, seier Gabrielsen til NRK.

Selbekk seier at engasjementet har vore stort etter leiarartikkelen vart publisert, for det meste er det positive tilbakemeldingar, men dessverre også ein del negativt:

– Finst ein del som støtter dei standpunkta som kjem fram i boka, og det er jo også ein har grunn til at boka har selt så mykje. Me snakkar om 3500 bøker selt på 11 veker. Det er mykje i den norske marknaden.

Skjermdump Jan Ernst Gabrielsen

Skjermdump av ein av heimesidene til Jan Ernst Gabrielsen, tidlegare fylkesleiar i partiet Dei kristne.

– Ikkje ein passande debatt

– Kan gjerne vera med på å diskutera teologi og dei ondes problem og slike spømål, men ikkje på gravene til dei 77 ofra for terror 22. juli. Det er ein vanvitig måte å føra ein debatt på, og det tar me sterk avstand frå, seier Selbekk.

Selbekk har fått direkte førespurnader på e post og telefon i tillegg til i kommentarfelta på Facebook og på nettsida deira.

– Det har verkeleg kokt her dei siste dagane. Med kommentarar og alt som me har fått snakkar me i alle fall om 1000 ulike førespurnader.

Han trur likevel dei fleste av lesarane er glad for at avisa tok eit oppgjer med boka.

– Eg har ikkje inntrykk at det er ein stor del av Dagen-lesarane som støttar dette tankegodset. Det er eit mindretal, og er ikkje eit uttrykk for kva den jamna Dagen-lesar meiner.