Hopp til innhold

Hagen: – Dei øydelegg Framstegspartiet

At eigedomsskatt og køprising blir ein realitet i Bergen får det til å koka innanfor Framstegspartiet. – Pell dykk ut av byrådet, er den klokkeklare beskjeden frå tidlegare formann Carl I. Hagen.

Carl I. Hagen og FrP-leder Siv Jensen under fylkesårsmøtet i Oslo FrP på Håndtverkeren i Oslo lørdag

BER BERGEN Frp GÅ UT AV BYRÅD: Carl I. Hagen er ikkje nådig mot sine eigne etter at det vart innført eigedomsskatt og køprising i Bergen under bystyret i dag. Også Siv Jensen skal ha bedt Frp om å gå ut av byrådet i Bergen. Her under

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Carl I. Hagen

Tidlegare partileiar og i dag gruppeleiar for Frp i Oslo bystyre, Carl I. Hagen.

Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Under dagens bystyremøte Bergen vart budsjettet for 2015 lagt fram, samstundes som forslaget om køprising vart behandla. Forslaget med å innføra eigedomsskatt var det finansbyråd Liv Røssland frå Frp som kom med, medan opposisjonen pressa gjennom fleirtal for at det skal kosta meir å passera bomringane i rushtida.

Begge delar er store nederlag for Framstegspartiet. Innføringa av eigedomsskatten skjer berre to år etter Høgre og Frp sørga for å avskaffe det.

– Vi har ikkje noko alternativ, seier leiar i Bergen Frp og sosialbyråd Eiler Macody Lund til NRK onsdag kveld.

Byrådet skriv i budsjettdokumenta sine at dei ser seg nøydde til å foreslå eigedomsskatt for å dekke utgifter til opprusting av kommunale bygg.

Hagen slaktar sine eigne

Dagens hendingar får tidlegare partileiar gjennom 28 år, Carl I. Hagen, til å tenne på alle pluggane.

– Sjå å pell dykk ut av byrådet!, torar Hagen til NRK og legg til at han i dag fekk fullstendig sjokk.

– For meg er ikkje eigedomsskatt med i Frp sin verktøykasse. Og køprising går utover dei med dårlegast råd, folk som skal levere barn i barnehagar og skule.

Han meiner den dårlege økonomien i Bergen kommune kan løysast med å selje kommunale barnehagar, eigedomar og selskap samt sal av aksjar i BKK.

– Mitt råd er at dei må pelle seg ut av byråd og seie at dette Høgre-politiske greiene som går utover folk flest vil ikkje me vera med på, seier Hagen til NRK.

– Øydelegg partiet

– I kva grad er dette i samsvar med det Frp som du kjenner?

– Det er ikkje i samsvar med det eg har vore med på å bygge opp. Det er stikk i strid og rein Høgre-politikk.

– Kva gjer det med Frp om lokalpolitikarane rundt omkring i Norge aksepterer slike saker som eigedomsskatt og køprising?

– Då øydelegg dei Framstegspartiet, avsluttar Hagen.

Saka held fram under biletet

Liv Røssland

KONTROVERSIELT: Finansbyråd Liv Røssland la fram budsjettet for 2015 i dag. Innføring av eigedomsskatt har skapt reaksjonar innanfor partiet.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Forstår reaksjonane

Leiar i Bergen Frp og sosialbyråd Eiler Macody Lund forstår reaksjonane.

– Eg kan godt forstå at sentrale delar og våre nabokommunar reagerer. Men det hadde vore veldig greitt om dei tok kontakt om dei var uroa. Så kunne vi forklart det.

– For alternativet ville vore å redusere tilbodet til bergensarane gjennom helse, barnehagar og skular. Vi er ikkje eit populistisk parti, men eit ansvarleg parti, seier byråden.

Også Frp sin gruppeleiar i bystyret, Tor Woldseth forstår kritikken.

– Eg har forståing for at dei ser på dette som eit vonde, men problemet er at dei ikkje kjem med konstruktive løysingar. Det å vera i mot berre for å vera i mot, det kan av og til vere bra, men ikkje i denne samanhengen, seier Woldseth.

– KrF dolka oss i ryggen

Eiler Macody Lund

– VI HADDE IKKJE ALTERNATIV: Seier sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp) om innføringa av eigedomsskatt i Bergen.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Macody Lund gjentek at byrådet har lite til overs for KrF, som i juni trakk seg frå byrådssamarbeidet med Høgre og Frp. I dag allierte dei seg med Venstre og Byluftlisten og fekk fleirtal for køprising.

Dermed bryt KrF byrådsplattforma dei hadde saman med dei Høgre og Frp.

– KrF har dolka oss i ryggen ved å bryte den avtalen, sjølv om dei har gått ut av byrådet.

Han håpar veljarane forstår, og seier dei vil kalle inn til medlemsmøte neste veke for å forklare.

– Eg håpar og forventar at veljarane forstår at det er gode grunnar til dette. På møtet skal vi forklare kvifor vi innfører eigedomsskatten og korleis vi har blitt pressa av Venstre og KrF til å innføre rushtidsavgift.

Jensen skal ha bedt Frp gå ut av byråd

Bergensavisen skriv onsdag kveld at partileiar og finansminister Siv Jensen var av dei som deltok i krisesamtalar med Hordaland Frp i går kveld.

Ho skal ha vore i direkte kontakt med finansbyråd Liv Røssland og gitt beskjed om at Frp burde gå ut av byrådet.

– Dersom det blir slik at Frp kastar inn handkledet kvar gong det blir tøft er det lite håp for lokalpolitikken. Me har snudd alle steinar og står for at dette er naudsynt, seier Røssland til BT.

NRK har snakka med både Siv Jensen og stortingsrepresentant Gjermund Hagesæther onsdag kveld. Ingen av dei vil kommentere saka.

Til BT seier stortingsrepresentant Kenneth Svendsen (Frp) at innføring av eigedomsskatt og køprising i Bergen vil få konsekvensar for partiet nasjonalt.

– No må resten av Frp forsvare kvifor eit anna lokallag gjer noko som er i strid med partiprogrammet. Det skapar eit inntrykk av at Frp sitt program ikkje er viktig, seier Svendsen.