Aker Drilling stadfestar i dag at dei har tinga to gigtantiske oljeriggar hjå Aker Kværner.
Kontrakten har ein verdi på 7,6 milliardar kroner.
Aker Drilling har i tillegg ein opsjon på levering av ytterlegare to riggar.
Dei to første skal leverast i 2008.
NTB arkivfoto: Helge Hansen
Flaggdag på Stord
Sjølv om han meiner at Kjell Inge Røkke er dristig, har ordførar Magne Rommetveit beordra flaggdag i dag.
- Det er nok mange som tykkjer at det er vel spenstig det som Røkke no gjer, men eg har trua på at han gjer det rette og at det vil vera ein marknad her framover, seier han.
- Dette er jo kjempesvære kontraktar som gir store ringverknader for Stord-samfunnet og for Sunnhordland, fortset Rommetveit.