Dei to sambanda er begge på E39, Mortavika - Arsvågen i Rogaland og Halhjem - Sandvikvåg i Hordaland. Avtalen gjeld i ti år frå 1. januar 2007 til 31. desember 2016. Pris, ruteproduksjon og fartyløysing har vore vurdert i samband med konkurransen.
Fjord1 Nordvestlandske AS er ein samanslutnad av Møre og Romsdal Fylkesbåtar AS og Fylkesbaatane AS i Sogn og Fjordane.
Hard konkurranse
Seks reiarlag eller reiarlagsgrupperingar tok del i konkurransen. Av desse var det berre to som leverte inn tilbod. Forutan Fjord1 Nordvestlandske AS, var det Stavangerske AS/HSD AS. Statens vegvesen har i etterkant ført forhandlingar med dei to tilbydarane.
Tung dag for HSD
Det er i dag HSD som driv fergeruta Halhjem - Sandviksvåg. Dei er svært skuffa over å miste ruta.
- Det er klart dette er vemodig. Denne strekninga er spesiell for HSD. Den utgjer også kring 30 prosent av den samla fergedrifta vår, seier informasjonssjef Arild Sondre Sekse.
Selskapet satsar no i staden på sikre seg konsesjonar andre stader i landet.
Viktige samband
Ferjesambanda mellom Stavanger og Bergen er to av dei mest trafikkerte på det norske riksvegnettet. Mykje av tungtrafikken langs kysten går over desse sambanda. Det er difor viktig at ferjetrafikken vert samordna.
Nye gassferjer
Samferdsledepartementet ønskjer at ein større del av den norske ferjeflåten skal nytte gass som drivstoff. I utlysinga av driftsløyvet for dei to ferjesambanda vart det difor stilt krav om gassdrivne ferjer.
Tilbodet frå Fjord1 omfattar bygging av fem nye gassferjer. Dei nye ferjene vert raskare enn dei sju ferjene som trafikkerar sambanda i dag. Mellom anna er det lagt til grunn ein fart på 17 knop i sambandet Mortavika - Arsvågen og 21 knop i sambandet Halhjem - Sandvikvåg.
Lågaste pris
Fjord1 hadde lågaste pris. Begge selskapa leverte gode tekniske løysingar. Likevel er løysinga Fjord 1 valde etter Statens vegvesen si meining den beste. DSD/HSD har bygt sitt tilbod på noko større ferjer enn Fjord1 og har difor større transportkapasitet.
Det er opp til reiarlaget å inngå kontraktar om bygging av nye ferjer. Fjord1 er i kontraktforhandlingar med fleire norske verftsgrupperingar og utanlandske leverandørar. Vert ferjene bygde i Noreg vil det kvalifisere til støtte frå Innovasjon Noreg.