NRK Meny
Normal

– Flaumen var veldig bra for laksen

Ekstremflaumen i fjor haust kan ha vore positiv for verdas største atlantiske laks. Flaumen har nemleg laga nye gyteplassar for den utryddingstrua Vosso-laksen.

Vossolaks, Bolstadelva

HJELP AV FLAUMEN: Denne laksen vart fanga i Bolstadelva i fjor sommar. No viser det seg at flaumen nokre månader seinare kan ha vore til stor hjelp for fisken.

Foto: Tore Wiers / Uni Research

Vossolaksen, Bolstadelva

NYE GYTEPLASSAR: Det tyder no på at det har oppstått nye gyteplassar her i Bolstadelva etter oktoberflaumen.

Foto: Tore Wiers / Uni Research

Flaumane på Vestlandet i fjor haust, som gjorde øydeleggingar for fleire hundre millionar kroner, hadde også positive verknadar.

– Undersøkingar som er gjort, viser at flaumen også har laga nye gyteplassar for den utryddingstrua Vosso-laksen, seier fiskeforskar ved Uni Research, Ulrich Pulg.

Nye gyteplassar

Første inntrykket tyder no på at det har oppstått nye gyteplassar i Bolstadelva. I den delen av Vosso-vassdraget der det i gamle dagar vart teke svære ruggar på over 30 kilo.

– På sikt så treng vi flaumar av og til for å vedlikehalde elvane og fiskehabitata i vassdraget, seier Ulrich Pulg.

– Det vil så klart vere veldig positivt for oss. No har jo elva slite i mange år, seier Knut Horvei er dagleg leiar i Bolstadelva grunneigarlag.

Flom på Voss

200-ÅRS FLAUM: Elva Vosso gjekk langt over sine breidder under oktoberflaumen i fjor. No viser det seg at flaumen i vassdraget hadde positive konsekvensar.

Foto: Synnøve Stalheim Mørkve

Var i ferd med å bli utrydda

Ulrich Pulg

POSITIVT: Fiskeforskar ved Uni Research, Ulrich Pulg, seier at undersøkingar som er gjort, viser at flaumen har laga nye gyteplassar.

Foto: Universitet i Bergen

Etter å ha hatt verdas kanskje største atlantiske laks fekk elva eit samanbrot på slutten av 1980-talet. Laksestamma vart i ferd med å bli utrydda av fleire ulike grunnar, i tillegg vart det eit høgt innslag med rømt oppdrettslaks i elva. Ein næringsveg vart borte.

– Elva har jo tidlegare våre ein av dei absolutt viktigaste næringa i bygda både for bøndene og grunneigarane. Den har betydd mykje og eg trur den vil bety mykje om den kjem opp og gå igjen, seier Horvei.

Ekstremværet til hjelp

Ein redningsaksjon vart så sett i gang for seks-sju år sidan. Ei storstilt tilbakeføring av rogn, smolt og yngel frå genbanken vart gjennomført. No ser deg også ut til at ekstremværet skal vera med å hjelpa å redda den unike laksestamma.

– Det finst fleire gyteplassar og skjul for ungfiskane, så dette var veldig bra. Også med tanke på Bolstadelva, der det tidlegare var få gyteplassar, seier Pulg.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.