Billegare og meir tilgjengelig kamerautstyr gjer at svært mange no kjøper overvåkingsutstyr opplyser Datatilsynet.
Burettslagsleiar, Colin Saywell. Foto: Espen Hatlestad/NRK
- Stoggar hærverk
Norheim Borettslag i Olsvik er av dei som har gått til innkjøp av slikt utstyr. I garasjen her kan du ikkje bevege deg utan å bli observert.
- Bebuarane i dei 209 leiligheitene var for ei tid tilbake så lei hærverk at videoovervåking var einaste utveg, fortel burettslagsleiar Colin Saywell.
Totalt fire videokamera filmar all aktivitet i garasjen. Saywell seier dei ikkje har hatt hærverk i garasjen etter at kameraene vart installert.
Billeg spionutstyr
- Det billegaste kamerautstyret får du for 400 kroner. Det seier Rune Johansen, butikksjef på Chlas Olson.
Han sel kring ti til tolv kamera i månaden. Kundane er både firma, institusjonar såvel som privatpersonar.
Kva dei skal bruke dei til, legg han seg ikkje bort i.
Skeptisk
Informasjonsjef i Datatilsynet Ove Skåra trur at nettopp billig og lett tilgjengeleg kamerautstyr er årsaka til at både barnehagar og burettslag no tek i bruk overvåking.
Han er meiner det er ei svært uheldig utvikling.
- Dette er berre å flytte problemet. Ein blir ikkje kvitt kriminaliteten.
- Ikkje bland dykk
- Datatilsynet bør passe sine eigne saker. Det meiner lensmannen i Laksevåg, Harald Andersen.
Datatilsynet bør holde seg til om det er lovlig eller ikkje å motere eit kamera på staden. Dei bør ikkje synse om kva følgjene kan bli når det gjeld kriminalitet.
- Det veit dei ingenting om, seier Andersen