Normal

– Raset har kosta Kvam 20-30 millionar

Næringslivet i Kvam kan ha tapt ein halv million kroner kvar eineste dag etter raset i Tokagjelet.

Det omfattande raset som sperra riksveg 7 søndag 15. september, har også sperra for inntjeninga til næringslivet i Kvam Herad. Ordførar Asbjørn Tolo anslår det økonomiske tapet til å vera mellom 20 og 30 millionar kroner.

Asbjørn Tolo

INNTEKTENE RASER: Ordførar, Asbjørn Tolo, i Kvam Herad.

Foto: Høyre

– Handelsnæringa til dømes, har hatt ein nedgang på mellom 30 og 35 prosent. Hotellnæringa har opplevd store mengder avbestillingar av konferansar, og uvissa kring julebord og helgebesøk, forklarer han, og fortset:

– I tillegg kjem transportnæringa og pendlarar som har hatt store kostnader knytt til omkjøringar. Vi snakkar om tosifra millionbeløp, 20-30 millionar, seier ordføraren.

Måndag blir det lys

Førstkommande måndag er det 71 dagar sidan raset gjekk. Då håpar vegvesenet å kunne lysregulere trafikken forbi rasstaden, og dermed avslutte kolonnekjøringa.

LES OGSÅ: Tokagjelet kan bli stengt i to måneder | Ordførar: – Næringslivet i Kvam blir lamma | - Det er tragisk for Kvam | Åpner for trafikk forbi rasstedet om en uke

Lars Øyre i Statens Vegvesen reknar med at arbeidet med å rassikre staden kan avsluttast i løpet av veka.

– Vi håpar det. Men nedbør er ikkje ein fordel for arbeidet vårt. Går det slik vi har tenkt, så blir vegen lysregulert frå måndag. Men vi må sjå korleis véret er, seier Øyre.

Han reknar med at vegen kan opnast for fri ferdsel, utan både kolonnekjøring og lysregulering, frå årsskiftet.

NRK.no ble med Statens vegvesen i helikopter over rasstedet på fylkesveg 7. Se videoen her.

Rasstedet i Tokagjelet fra helikopter