Av Tone Skotheim og Eli Bjelland
I dag eksisterer det 31 små kraftverk i Hordaland. Leiar i Småkraftforeininga, Svein Peder Sund, kan fortelja om gode dagar for småkraftprodusentane. Mykje grunna det våte veret.
- Det er Klondyke-stemning i bransjen akkurat no, seier han.
Fleire vil starta opp
Stadig fleire søkjer Noregs Vassdrag- og Energidirektorat om konsesjon til å starta opp private småkraftverk i Hordaland.
Kraftig nedbør, låg rente og ein god straumpris gjer at forholda ligg godt til rette for å tena mykje pengar på private vasskraftverk.
Dei 31 kraftverka som allereie fins av denne sorten produserer kraft som forsyner 25 000 husstandar med straum.
Regn annankvar dag
Grunneigar Eivind Tvedt i Rosendal har drive vasskraftverk i åtte år, og han stadfestar at det er gode tider i bransjen.
- Det har jo regna annankvar dag i heile haust, og eg har aldri hatt så stor produksjon på anlegget mitt som i år, fortel Tvedt.