Hopp til innhold

Fruktbønder: - Me har fått ein solid knekk

Virvel- og kastevind har gjort store skadar på både morellar og eple i Hardanger. Fruktbonde Halldor Eidnes vart særleg råka, han har mista over 20 tonn eple.

4

KNEKT STOLPAR OG GREINER; På Lofthus har vinden både knekt greiner, rive av knyting og blåse eple av trea.

Foto: Halldor E. Eidnes

Sterk vind både natt til søndag og natt til måndag har ført til skadar på årets innhausting for fleire fruktdyrkarar i Hardanger, og det er særleg morell- og epletre vinden har herja med.

2

ØYDELAGDE MORELLAR: Virvel- og kastevind har gjort store skadar på både morellar og eple i Hardanger.

Foto: Halldor E. Eidnes

– Det er spesielt at vinden gjer så store skadar, det er me ikkje vande med. Lenger inne i fjorden blei vinden målt til mellom 25 og 30 meter i sekundet og det var også kastevind. Vinden var så sterk at ein hadde problem med å stå oppreist ute og det var farleg å opphalda seg ute i morellfeltet, seier Halldor Eidnes.

Eidnes bur på Lofthus i Ullensvang herad og både han og andre fruktdyrkarar i Ullensvang fekk delar av avlinga øydelagt av vinden. For Halldor Eidnes sin del var det særleg epleavlinga vinden sine herjingar gjekk ut over.

– Eg er blitt råka på eplefronten og har mista 20 tonn eple. Vinden har både knekt greiner, rive av knyting og blåse eple av trea. Store mengder av avlinga som framleis heng på trea er også skadd, fordi epla har knissa mot kvarandre og det toler dei ikkje, seier Eidnes.

– Ikkje kjekt å vera morellbonde desse dagar

Epla som fell av trea kan truleg ikkje brukast til noko.

Vind reiv plasten av morelltrea

BLÅSE AV: Plast som har dekt morelltrea til Ola Steinstø i Kvam har blitt riven sund og blåse av heilt eller delvis av trea. Steinstø er måndag travelt oppteken av å dekka trea til igjen for å unngå at dei modne morellane blir regna på og sprekk.

Foto: Ola Steinstø

– Det er reint tap, og det kan fort dreia seg om ifrå 200.000 og opp mot 500.00 i verste fall, seier Eidnes.

– Det låg an til ein veldig bra eplesesong, så det er veldig trist at dette skjedde. Me har fått ein solid knekk, men bønder gir ikkje opp, seier Eidnes.

Fruktbonde Ola Steinstø i Kvam herad fekk øydelagt delar av morellane sine av den sterke vinden.

– Det er ikkje så kjekt å vera morellbonde i desse dagar, seier han.

– Når presenning ligg og piskar på morellane blir dei veldig lett skadde, dei blir brune utpå skalet, og dei blir ikkje så fine å sjå på. Det blir også meir arbeid med sortering når den tid kjem, og det er ein del greiner som blir knekte på grunn av at vinden dreg not inn i treet, forklarer Steinstø.

Virvelvind reiv opp betongfundament

I Ullensvang herad er det over 200 fruktdyrkarar og jordbrukssjefen har brukt måndag føremiddag til å prøva å få ei oversikt over kor hardt fruktdyrkarar i Ullensvang blei råka av den sterke vinden.

– Det er veldig varierande frå plass til plass kor store skadar det er. I gjennomsnitt er det betydeleg skade for morelldyrkarane spesielt. Det er enkelte produsentar som har hatt totalt havari, medan andre nesten ikkje har merka noko til det i det heile tatt, seier jordbrukssjef Trond Steine.

Vind reiv av plastikk over morelltre i Hardanger

KRAFTIG VIND: På Alsåker i Ullensvang har plasten som beskyttar morellane mot regn blåse av.

Foto: Kari Bjørkavoll Eitrheim

Oversikta Ullensvang herad har fått etter å ha snakka med rundt 20 fruktdyrkarar viser at bygdene Lote og Alsåker mellom Utne og Jondal blei ramma særleg hardt av vinden.

– Virvelvind har rett og slett drege opp store stolpar som har vore fundamenterte med betong ein meter nedi bakken. Dei har blitt drege rett opp, så har det surra seg i hop, deretter har vinden plutseleg stoppa og alt har landa rett ned igjen. Berre 20 meter unna har det stått heilt urørt, så det har vore veldig lokale variasjonar, seier jordbrukssjefen.

Vind har blitt eit større problem dei siste 10 åra

– Det er nokre få som truleg har fått veldig store skadar, men ikkje slik at heile avlinga har gått fløyten. For dei aller fleste ser det ut til at skadane er blitt litt mindre enn det me først frykta. Fordelen no når skadane har skjedd og du ikkje får plastikken ut igjen er at det er meldt fint vêr framover, så då håpar ein på at ein får hausta morellane, seier jordbrukssjefen.

– Kor vanleg er det å oppleva så sterk vind i Ullensvang?

– Det har ikkje vore så veldig vanleg, men inntrykket er at det blitt meir vanleg enn det kanskje var før i tida. Ikkje kvart år, men, annakvart eller tredjekvart år så har me dei siste 10–15 åra hatt store vindproblem med tap i morellsesongen, seier Steine.

Kva som er årsaka til at sterk vind har blitt vanlegare veit ikkje jordbrukssjefen, men fruktdyrkarane i kommunen har blitt meir merksame på at på stadar der vinden tar mykje bør dei ikkje dyrka.

Vind reiv opp stolpar

REIV OPP STOLPE: På Alsåker i Ullensvang herad reiv vind opp stolpar som haldt oppe plastikk over morelltre. Stolpane var fundamenterte ein meter nedi bakken.

Foto: Kari Bjørkavoll Eitrheim