Store lekkasjar frå vassrøyr: – Kommunar må sikre drikkevatnet betre

BØMLO (NRK): 30 prosent av drikkevatnet i Noreg forsvinn i lekkasjar.

Leif Økland i Bømlo vatn og avløp leitar etter lekkasjer

LYTTEARBEID: Leif Økland har lytta seg fram til mange mindre vasslekkasjar under bakken på Bømlo. Det har gitt resultat.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Mange kommunar har ein jobb å gjera for å sikra drikkevatnet, meiner Norsk Vann, den nasjonale interesseorganisasjonen for vassbransjen.

– I Noreg mistar vi i snitt om lag 30 prosent av vatnet på vegen frå kjelda til forbrukar, seier rågjevar Arnhild Krogh.

Det nasjonale målet er 20 prosent.

– Det er jo ikkje bra at så mykje av vatnet forsvinn på vegen. For å vere berekraftig bør vi ned i 20 prosent. Mange kommunar har ein jobb å gjere for å kome dit, seier Krogh i Norsk Vann.

Fann dei små lekkasjane

På Bømlo i Hordaland har dei gjort noko med det.

Kommunen sleit med for lite vatn, og hadde heile 60 prosents lekkasje. Etter at dei i 2005 byrja å jobba systematisk med det, har dei kome ned i måltalet på 20.

– Før gjekk me berre ut på dei store lekkasjane, og dei varer berre ei lita stund, men dei små lekkasjane er heile tida, seier Leif Økland i Bømlo vatn og avløp.

Vannlekkasje i Youngs gate

LEKKASJE: Større vasslekkasjar, som denne ved Youngs gate i Oslo, blir gjerne fiksa raskt. Mindre lekkasjar er vanskelegare å oppdage.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

72-åringen går rundt med marklyttar og øyreklokker for å finne ut kor vatnet piplar ut.

Han har leita etter lekkasjar sidan 1990, og på lyden høyrer Økland når han nærmar seg ein lekkasje.

Arbeidet er tidkrevjande, men naudsynt om ein ikkje vil at vatn skal gå tapt.

– Når ein har leita etter lekkasjen i 14 dagar og finn han, det er ei god kjensle, seier han.

Systematisk arbeid

Sidan 2005 har Bømlo vatn og avløp fått ned lekkasjeprosenten frå 60 til 20 prosent, fortel driftsleiar Odd Petter Habbestad.

– Me hadde ikkje nok vatn, så me måtte køyre reservekjeldene våre veldig ofte. Og så blei det ei veldig auke i vassforbruket til industrien vår.

Selskapet tok grep og delte inn vassnettet i 50 sonar for å ha kontroll over kor vatnet gjekk. Og no gjer eit nytt system at dei no kan kontrollera vatnet heile døgnet.

Saman med lyttearbeidet som Leif Økland og andre i selskapet gjer, har det gitt resultat.

Habbestad seier det neste målet er å kome under 20 prosent lekkasje.

Odd Petter Habbestad, driftsleiar i Bømlo vatn og avløp

RESULTAT: Odd Petter Habbestad, driftsleiar i Bømlo vatn og avløp, kan vise til gode resultat av vassjakta.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Kommunar tar kontakt

Fleire kommunar ser no til Bømlo for å lære å ta betre vare på vassressursane.

Ei undersøking frå Rådgivende Ingeniørers Forening synte nyleg at 30 prosent av norske vassrøyr lekker, skriv Teknisk Ukeblad.

Driftsleiar Habbestad seier mange tek kontakt med dei og spør korleis dei har fått kontroll på lekkasjane. Svaret er enkelt, meiner han.

– Det handlar om å finne dei små lekkasjane og tette dei, så enkelt er det.

Her er hullet som skaper problemer

LEKKER: 30 prosent av drikkevatnet forsvinn på veg til forbrukaren, ifølgje Norsk Vann.

Foto: Philip Hofgaard / NRK