Hopp til innhold

Uvisst når E16 kan opna att

E 16 opnar truleg ikkje før til tidlegast fredag. Det er meldt om store køar fleire stader på fylkesveg 7.

E16 stengt etter ras

TO RAS SPERRAR E16: Her frå raset som gjekk like utanfor Stanghelletunnelen onsdag ettermiddag.

Foto: Remi Bøe Presttun

– Her er det berre å ta det med ro. Dette er Vestlandet!

Det sa operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Morten Kronen, i 21-tida torsdag kveld.

Det er manuell dirigering ved Fykesund bru i Kvam i Hardanger. Fleire har vald den smale vegen som omkøyringsrute, etter at E 16 er stengt av ras.

– Vi får meldingar om kaos. Det er tidvis lange køar, seier Kronen.

Frå før av har E16 mellom Trengereid og Dale vore stengd etter eit ras ved Stanghelletunnelen i 18.30 tida onsdag kveld.

Vaksdal vart difor isolert, då det nye raset ved Kjenestunnelen kom ned på bergenssida.

I løpet av torsdag opna vegen mellom Bergen og Vaksdal delvis, men E 16 vidare til Voss opnar truleg ikkje før tidlegast fredag. Det skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

– Dette raset kom ikkje like langt oppe frå som det ved Stanghelletunnelen, men vi stengjer likevel det eine feltet dei kommande dagane, i tilfelle det skulle kome meir stein ned.

Det seier byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens Vegvesen.

Uvisst når E16 opnar att

E16 ved Stanghelletunnelen er altså framleis stengt på ubestemt tid, og det har ført til lange køar og mykje trafikk på omkøyringsvegen Fv 7.

Fjellklatrarar var torsdag ettermiddag på veg opp i fjellsida ved tunnelen for å sjekke tilstanden i fjellet, saman med ein geolog frå Statens Vegvesen.

Det er venta at arbeidet med å reinska fjellsida vil ta ein del tid. Dermed opnar vegen truleg ikkje før tidlegast fredag. Togtrafikken vil derimot gå som normalt, trass i faren for eventuelle nye ras.

Mykje trafikk på Fv7

På fylkesveg 7 ved Ålvik vert det no meldt om mykje trafikk og mange trailerar. På Twitter skriv politiet at Vegtrafikksentralen vurderer forholdet.

– Eg ser ikkje anna enn kø, på veg mot Øystese, fortel Leif Nødtveit som sit i kø ved Ålvik.

Samtidig er det venta meir nedbør framover. Geolog Geir Bertelsen har vore på rasstaden ved Kjenestunnelen for å undersøka nærare.

– Det er eit forholdsvis lite ras, men uvissa er dei store nedbørsmengdene utover dagen, seier han til NRK.

Han forklarar at nedbør har gått ned mellom steinane i ei ur ved vegen, og at ei blokk difor losna og rasa ut i vegen.

– Vi vurderer det slik at vi kan sperre av det eine køyrefeltet, og få anten manuell er lysdirigering i det yttarste feltet. Det må vere ein vaktmann der, som føl med på kva som skjer, seier Bertelsen.

– Ein del lause blokker

Njål Farestveit er den andre geologen som har vore i sving i Vaksdal i dag.

Han drog opp i helikopter for å sjå nærare på staden der det rasa ut stein som hamna i vegen ved Stanghelletunnelen.

– Det er ein del berg som har sprekt opp og del lause blokker som ligg på jord, fortel han til NRK.

– Det første vi skal gjera er å ha eit møte med Jernbaneverket og Vegvesenet for å samkøyre vidare sikring.

Var for farleg å rydda

– Utfordringa er at begge rasa er gått nær jernbanelinja, så det er ein vurdering NSB må gjera om det kan gå tog forbi, forklarar operasjonsleiar Inger Myrtvedt.

NRK har vore i kontakt med NSB som seier lokaltoget frå Voss til Bergen går som normalt, men at det ikkje stoggar ved Stanghelle.

Ras ved Kjelsnes
Foto: Njål Farestveit

E16 vil vera stengd i ei god stund framover.

– Vi har stengt Bogatunnelen, slik at folk frå Vaksdal ikkje køyrer inn i rasområdet om det skulle komma meir, seier Eli Solberg ved Vegtrafikksentralen.

– Det er ikkje forsvarleg å gå inn å rydde no når det er mørkt. Det er rett og slett for farleg, sa ho tidlegare i dag.

No er altså fjellreinskarar på plass ved Stanghelletunnelen, og to geologar undersøker fjellsida ved Kjelsnestunnelen.

– Dramatisk

– Det er Ikkje noko kjekt med alle rasa som går. Det er dramatisk rett og slett, seier ordførar i Vaksdal, Eirik Haga (Ap) til NRK.

– Det umiddelbare er at ein vert isolert. Ein kjem seg ikkje ut av bygda, held han fram.

Han fortel at skular går som normalt, men Eksingedalen skule er stengt sidan det gjekk eit steinras der tidlegare i veka.

Kjenestunnelen

ISOLERT: To store steinar har rasa ut på bergensida av Kjenestunnelen, og Vaksdal er difor isolert.

Foto: Skjermdump