Hopp til innhold

Støre innrømmer at Arbeidarpartiet ikkje har gjort nok for Vestlandet

For fire år sidan var Arbeidarpartiet nede på 20-talet langs heile kysten. No vil Jonas Gahr Støre gjenreisa tilliten på Vestlandet.

Støre og Schjelderup

VALD: Ap-politikar Harald Schjelderup (bak) ble byrådsleiar etter lokalvalet i 2015. Ap gjorde gode val i dei store byane i valet, og Jonas Gahr Støre håpar å ta med seg resultata inn i stortingsvalet i haust.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Då tidlegare partileiar Jens Stoltenberg starta valkampen til Arbeidarpartiet i ein bakgard Bergen i 2013, valte han å starta valkampen i den valkretsen i Bergen der flest stemte Ap i 2009.

Nokre månader seinare måtte han gje frå seg regjeringsmakta til bergensar Erna Solberg. Arbeidarpartiet hadde nok ein gong mislukkast med å nå veljarmassane på det industritunge Vestlandet.

Fem av dei seks fylka der Ap fekk dårlegast oppslutnad, låg på Vestlandet.

Erna Solberg i seiersrus

KONFETTI: I 2013 kunne Erna Solberg og Høyre jubla for å ha vunne valet, og danna regjering saman med Frp.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vår framtid ligg på Vestlandet

– Eg trur me må trekkja lærdomar over at me kanskje ikkje var nok til stades for dei utfordringane Vestlandet sleit med, seier partleiar Jonas Gahr Støre til NRK.

Støre har som første gong oppgåva med å leia Noregs største parti til regjeringsmakt i eit stortingsval.

For å gjera det, har han sett seg ut ei langstrakt kystlinje der olje- og gass, industri og havbruk utgjer hovudingrediensane i eit næringsliv som lenge har lege med broten rygg.

– Så mykje av Noregs framtid ligg her, seier Støre.

Jonas Gahr Støre på Bryggen

VIL AUKE: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre, her på Bryggen i Bergen, tar sikte på å auke oppslutninga på Vestlandet til hausten.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Partileiaren trekk fram landsdelen sitt sterke kunnskaps- og industrimiljø, i tillegg til den norske sparegrisen: Havet.

– Olje- og gassnæringa er framleis viktig og havbruk er stadig i vekst. I utforminga av norsk politikk må ein ta eit viktig utgangspunkt langs kysten.

Men dei to siste forsøka på å erobra vestlandskysten førte ikkje fram. Ved førre Stortingsval låg partiet heilt nede på 20-talet frå Agder til Mørekysten (sjå tabell).

No håpar han at det gode resultatet i kommunevalet for to år sidan vil hjelpa partiet til regjeringsmakt.

Nehru Sand: – Avgjerande for valet

Innbyggjarane langs kysten frå Vest-Agder til Møre og Romsdal utgjer om lag ein tredjedel av den norske veljarmassen.

– Spesielt Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal er folkerike fylke som har mange mandat. Ein har veldig mykje igjen for å gå fram der, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Han trur valresultatet på Vestlandet kan bli direkte avgjerande for om Støre klarar ta makta frå Erna Solberg eller ikkje.

– Det er nærliggande å tru. Strategisk er det viktige fylke å vinna.

Statsminister Erna Solberg og Ap leder Jonas Gahr Støre under den muntlige spørretimen i Stortinget onsdag.

KJEMPER: Statsminister Erna Solberg (H) og opposisjon- og Ap-leiar Jonas Gahr Støre under den munnlege spørjetimen i Stortinget 31. mai.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ein vestlending står i vegen

Statsminister og vestlending Erna Solberg (H) verkar ikkje uroa over Gahr Støre sin sjarmoffensiv mot Vestlandet.

– Eg meiner denne regjeringa har levert mykje for Vestlandet. Me har kome oss gjennom ein av dei største krisene på fleire tiår. Eg trur folket er mest tente med å ha politikarar som forstår korleis Vestlandet er bygd opp og korleis landsdelen blir drive.

Sjølv trur Støre pipa vil få ein annan lyd når valresultatet skrid fram natt til 12. september.

– Det held ikkje å koma frå Bergen og forstå Bergen viss ikkje veljarane forstår det.