Stord: – Forhandlar vidare torsdag

Forhandlingane mellom Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet held fram, men partane blir ikkje samde om ei løysing onsdag, seier Frp-topp Sigbjørn Framnes. Han gjorde eit brakval for partiet, og seier valresultatet må visa igjen når eventuelle verv skal fordelast. – Sjølvsagt. Me er til for veljarane og dei gir sine mandat til oss folkevalde, seier Framnes. Men det er Senterpartiet som sit med nøkkelen for kven som skal styra Stord kommune dei neste fire åra. Dei kan også sikra venstresida fleirtal.

Toppkandidatene Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes for Vestland Frp
Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Vestland Frp