Skuffelse over ny politireform i Sunnhordland

Bømlo, Fitjar og Stord blir ein del av politidistrikt Vest, men ikkje før ei milliardbru er på plass over Bjørnafjorden. I Sunnhordland er dei skuffa over å ikkje ha blitt høyrt.

Liv Kari Eskeland

IKKJE FORNØGD: Stord-ordførar Liv Kari Eskeland meiner avstanden til Stavanger er altfor stor, og at sunnhordlandskommunane burde blitt lagt under politidistrikt Vest med ein gong.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det er no tverrpolitisk semje om at Hordaland politidistrikt og Sogn og Fjordane politidistrikt skal bli slått saman til Vest politidistrikt, og at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt skal til Rogaland.

Enighet om nærpolitireformen

EINIGE: Anders Werp (H), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Ulf Leirstein (Frp), Iselin Nybø (V) og Hadia Tajik (Ap) presenterte avtalen på Stortinget søndag formiddag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det blei klart då regjeringa, Venstre, KrF og Arbeidarpartiet i dag la fram politireforma dei er blitt samde om etter forhandlingar.

Partane er også einige om at Bømlo, Fitjar og Stord skal bli ein del av Vest politidistrikt. Men ikkje før forventa transportløysingar, som Hordfast, er på plass.

Sjølv om bygginga av transportsambandet ikkje er starta opp før innan 2023, skal ein likevel vurderer å legge dei tre kommunane til politidistrikt Vest.

LES OGSÅ: Sunnhordland vil ikke til Rogaland

– Skuffande

Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H) er skuffa over at partifellane i regjeringa og samarbeidspartia ikkje vil innlemme kommunane i Vest politidistrikt med ein gong.

Liv Kari Eskeland

SKUFFA: Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland (H).

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Eg er sjølvsagt utruleg skuffa. Eg hadde forventa at dei lytta til oss, slik at me skulle få bli ein del av Vest politidistrikt frå no av. Dette er ikkje ein god beskjed å få.

Eskeland peikar på at avstanden til Stavanger, som blir hovudkontor i Rogaland politidistrikt, er stor.

– Dei peiker på Hordfast som kan bli ei løysing der me eventuelt skal nordover. Men mykje kjem til å skje før 2023, og eg må berre minne om at me må passere eit ferjesamband for å komme til Stavanger, seier Eskeland.

LES OGSÅ: Politireformen splitter Stord

– Kommunen kan bli delt i to

Stord-ordføraren meiner det vil vere krevjande å ha Rogaland som politidistrikt framover.

Stavanger politistasjon og Rogaland politidistrikt

90 prosent av de polititilsette i Sunnhordland vil ikkje dele politidistrikt med Rogaland. Her frå Stavanger politistasjon.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

– Me er i diskusjonar om kommunesamanslåing, mellom anna med Tysnes, som er i Hordaland politidistrikt eller politidistrikt Vest i dag. Det blir sjølvsagt veldig krevjande for oss dersom den nye kommunen må få to politidistrikt å ta omsyn til.

– Eg kjem sjølvsagt til å følgje opp saka for å få ei grunngjeving, og så får me sjå korleis me skal ta det vidare.

– Me har ikkje blitt høyrt

Ordførar Wenche Tislevoll (H) i Fitjar kommune, deler vonbrotet til sin kollega på Stord.

– Me trudde me ville bli høyrt i denne saka, men det har me ikkje blitt. Slik eg forstår det så er dette endeleg og det er tverrpolitisk semje. Då blir det vanskeleg å få endra dette, seier Tislevoll.

Wenche Tislevoll

Ordførar Wenche Tislevoll i Fitjar kommune.

Ho seier sunnhordlendingane har vore tydelege på at om ikkje Vestlandet vart til eit stort politidistrikt, så vil dei høyra til Hordaland og Bergen framfor Rogaland og Stavanger.

– Det er veldig langt fram til Hordfast, og dette gjer det også utfordrande for oss i arbeidet med kommunereform.

– Litt snodig

Nils Blikra er lokallagsleiar Politiets Fellesforbund Haugaland og Sunnhordland.

– Det er ei litt snodig politisk avgjerd, at dei ikkje bestemmer seg for at dei tre kommunane går til anten Vest eller til Rogaland. Men eg trur ikkje dette blir den store saka for oss. Om Sunnhordland høyrer til Bergen eller Stavanger vil ha liten betydning. Det vil bli gode polititenester, meiner han.

Politireforma som det no er tverrpolitisk semje om, skal opp til diskusjon og vedtak i Stortinget den 10. juni.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.