Hopp til innhold

Full fyr i fabrikk på Radøy

Brannvesenet har rykka fredag kveld ut til ein storbrann ved Bøvågen på Radøy. Det var full fyr i taket på gamle Bø Plast.

Storbrann på Radøy

OVERTENT: Fabrikken i Radøyvegen er i full fyr.

Foto: Daniel Sundt Karlsen / 03030-tipsar

Det er kome meldingar om at det brenn i gamle Bø Plast på Radøy. Ifølge brannvesenet har det tatt fyr i taket.

– Det er heilt overtent, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland til NRK.

Meldinga om brannen kom klokka 20.00, og 18 minutt seinare var brannvesenet på plass. Brannen er på eit industriområdet og det skal ikkje vera fare for spreiing til bustader.

– Det går føre seg sløkking ifrå totalt fire bilar. Vi har rykka ut frå Austrheim og Radøy.

Operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet seier dei ikkje har fått meldingar om at det er personar i bygget.

– Vi har ingen opplysningar førebels som tilseier at det var nokon inne på fabrikken då brannen starta. Men vi undersøkjer alle opplysningar vi får inn.

– Veldige flammar

Daniel Sundt Karlsen var på veg heim frå jobb i Austrheim då han såg flammar frå vegen.

– Eg køyrde ned for å sjå og såg at det var fyr i heile fabrikken, fortel han til NRK.

Ifølge han er fabrikken nyleg pussa opp. Når det gjeld spreiingsfare fortel Sundt Karlsen at det står brannbilar mellom brannen og dei næraste husa.

– Det ser ut som dei har kontroll på det.

Har kontroll

Klokka 21.40 melder brannvesenet at dei har fått sløkt delar av brannen,

– Dei har kontroll på brannen, seier Jan Henning Fossedal som vaktkommandør på 110-sentralen i Hordaland.

Etter klokka 22.00 brenn det endå.

– Brannen er under kontroll, men det brenn endå, seier Fossedal klokka 22.12.

Klokka 22.40 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Ein bil som står utanfor fabrikken skal også ha brunne.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
radøy brann