Hopp til innhold

Birger mista båten i brann: – Alt eg har igjen frå båten er kaffikanna

Ni fritidsbåtar gjekk opp i røyk i ei båthamn på Bømlo i natt. Truleg er det skadar for opp mot fire millionar kroner.

Birger Habbestad og brann på Bømlo

STOR BRANN: Totalt ni båtar stod i brann i båthamna i Klenevågen på Bømlo torsdag morgon. Ein av dei var Birger Habbestad sin.

Foto: Thomas Halleland / NRK/Bømlo brann og redning

– Det er veldig trist. Båtsesongen er i gang og eg hadde tenkt å nytta den no i påsken. No må eg kontakta forsikringsselskapet i staden, seier Birger Habbestad til NRK.

Han er ein av dei som har mista båten i brannen i Klenevågen på Bømlo i natt. Politiet fekk melding om brannen 05.35. Ein halvtime seinare var den sløkt.

Totalt ni båtar gjekk opp i røyk. Ein av dei var Habbestad sin cabincruiser, Viksund 800 Futura, som han har kjøpt til rundt 500.000 kroner.

– Alt eg har igjen frå båten er kaffikanna og brannslokkingsapparet, konstaterer Habbestad etter å ha vore nede i båthamna for å sjå på skadane.

Laster Giphy-innhold

Frykta spreiing

– Seks båtar har gått til botns etter brannen og så er det ein som er delvis under vatn. Det gjekk elles greitt å få sløkt brannen, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.

I tillegg har to båtar fått skader, og kaien har også vore i brann. Brannvesenet frykta brannen skulle spreie seg til terrenget rundt

– Det var viktig at vi var raske, fordi vi frykta brannen skulle spreie seg til terrenget og skogen bak kaia, seier Halleraker.

Førebels er det ingenting som tyder på at det var personar i båtane. Politiet er på staden for å undersøke brannårsak.

Brann i småbåthamn på Bømlo

TIL BOTNS: Sju fritidsbåtar gjekk til botns i båthamna etter brannen. Båtane har fått store skader.

Foto: Bømlo brann og redning

Millionverdiar

Leiar i Urangsvåg båtlag, Kjell Magne Røsvik, hadde ikkje høyrt om brannen då NRK ringde torsdag morgon.

Han fortel at det ligg totalt 75 båtar på anlegget. Etter å ha vore nede i hamna for å sjå på skadane, seier Røsvik at det er store verdiar som har gått tapt.

– Den største båten er på 35 fot. Totalt vil eg seie at båtar for mellom tre og fire millionar kroner har gått opp i røyk. Det vil også kosta å setje i stand den brannskadde kaien, konstaterer han.

Brannårsaka vil han ikkje spekulera i, men han legg til at det ofte er feil på elektrisk anlegg som er årsaka til båtbrannar.

– Anlegget kan nyttast som normalt. Det er heldigvis ikkje personskadar, og materielle skader kan alltid erstattast, avsluttar Røsvik.

Brannsjef Ove Halleraker

FRYKTA SPREIING: Ove Halleraker i Bømlo brann og redning frykta brannen skulle spreie seg til terrenget rundt båthamna.

Foto: Thomas Halleland / NRK