Hopp til innhold

Stor tru på sykkel-VM til Bergen

– Sykkel-VM i Bergen er ikkje lenger berre ein fjern draum, seier prosjektleiar for VM-søknaden, Erik Kubon Halvorsen.

NM SYKKEL 2012 - GATERITT BERGEN

KAN BLI BERGEN: I neste veke kjem svaret på om Bergen blir byen som får arrangere sykkel-VM i 2017. Her frå NM i 2012.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Kubon Halvorsen blei tilsett av Bergen kommune for å førebu søknaden om å få eit sykkel-VM til Bergen.

Bergen har lenge kjempa for å få VM til byen, og i desember i fjor bestemte regjeringa å løyve 30 millionar kroner til Bergen sin søknad om eit sykkel-VM i Bergen.

– No er det ikkje lenger ein fjern draum, men realistisk, seier Kubon Halvorsen.

Får svaret neste veke

sykkel-VM

HÅPEFULL: Neste veke får prosjektleiar Erik Kubon Halvorsen svaret på om draumen om eit sykkel-VM i Bergen går i oppfylling.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Prosjektleiaren går spanande dagar i møte. På torsdag denne veka skal det nemleg avgjerast om Bergen blir VM-byen i 2017 eller ikkje.

Men sjølv om både Innsbruck i Austerrike, Bogota i Colombia og Melbourne i Australia har søkt om å få arrangere sykkel-VM, meiner Kubon Halvorsen at Bergen har særs gode moglegheiter.

– Eg har ei veldig god magekjensle. No er det kring 50 prosent sjanse for at me får VM i byen vår, seier han spent.

Over 300 millionar fjernsynssjåarar verda rundt ser sykkel-VM kvart år. Idrettsdirektør i Bergen kommune, Rune Titlestad, meiner også at Bergen har gode sjansar.

– Det trur eg absolutt. Då får me ein unik sjanse til å vise fram den fantastiske byen vår. Ingen land i verda kan måle seg med det me har å visa fram, seier han.

– God reklame for Bergen

Det ni dagar lange arrangementet har ein prislapp på rundt 156 millionar kroner. Men det er det verdt, meiner Halvorsen.

– Det blir nokre bilete som går ut til det internasjonale publikummet som kjem til å gje ei fantastisk reklame til Bergen, seier Halvorsen.

– Bergen har blitt kritisert for å vere dårleg tilrettelagt for syklistar. Burde ein ikkje heller legge pengar i dette?

– Det er brei politisk einigheit om at Bergen skal bli ein betre sykkelby, og det arbeider me med. Men eit sykkel-VM bli bidra til at dette arbeidet blir forsterka. Dessutan vil me få fleire til å sykle i kvardagen gjennom dette arrangementet, seier Halvorsen.