Hopp til innhold

Stor spenning i høgrestyrte Ap-bastionar

ODDA: (NRK) Arbeidarpartiet kjempar no for å ta tilbake kommunane dei mista til Høgre under førre kommuneval. I Odda vil dei ta tilbake makta dei mista etter 89 år.

Høgre med valgkampstand i Odda

BLÅ STYRING: Ordførar i Odda John Opdal prøver å sanka røyster i Odda sentrum laurdag. Han er klar for fire nye år med ordførarkjeda i kommunen som tradisjonelt har vore ein Ap-kommune.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vallogo

– Me har håpet og trua på at me klarar å få ordføraren tilbake i Odda. Og at Arbeidarpartiet skal kunne driva god politikk i kommune, seier Roald Aga Haug.

Han er ein av mange ordførarkandidatar frå Ap som håper å ta tilbake ordførarkjedet frå Høgre.

Dei finn ein fleire stader i landet.

Alta, Narvik, Mo i Rana, Elverum, Halden, Sør-Odal, Tinn og Notodden er alle typiske arbeidarpartikommunar i Noreg. Ved sist kommuneval vart det plutseleg ordførar frå Høgre som skulle heva klubba i kommunestyremøta framover.

89 år med makta

Odda er ein av kommunane som tradisjonelt har vore ein Arbeidarparti-kommune. Her fekk dei høgreordførar for fyrste gong på 89 år ved sist kommuneval.

Det store spørsmålet er no om Høgre vil klare å behalde makta, eller om Arbeidarpartiet vil klara å overbevisa veljarane.

– Eg synest det vert fleire og fleire Høgre-veljarar i Odda eg. Og det gler meg stort, seier Høgreordførar John Opdal.

Arbeidarpartiet Odda

VIL TA MAKTA TILBAKE: Arbeidarpartiet og ordførarkandidat Roald Aga Haug tar opp kampen for å igjen ta styringa i industrikommunen Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ønska fornying

Valkampen er godt i gang i Odda sentrum. Ordførar John Opdal deler ut valprogrammet blant travle oddingar og prøver å sanka røyster for å få behalda ordførarkjeda i fira nye år.

– Det var vel kanskje eit ønske om fornying i desse kommunane, og Odda har vore ein Arbeidarparti-bastion. I år stille både KrF og SV lister, og det er med på å gjera dette veldig spanande, seier Opdal.

Men ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet, Roald Aga Haug, ønsker ordførarklubba tilbake.

Begge håpar på siger

– Det er ein ørliten sjanse for at det blir Arbeidarpartiet eg stemmer på, seier ein forbipasserande til Haug når han går forbi valboda.

No er det knytt stor spenning til kva som vil skje.

– Trur du at du får behalda ordførarkjeda i fire nye år?

– Eg håper sterkt at eg får det, seier Opdal.

Haug trur derimot at han får ta over roret i september.

– Eg håper og trur at eg blir ordførar, men eg tar ingenting for gitt før stemmene er talt opp.