Hopp til innhold

Stor snøskredfare

I Indre Sogn og Indre Fjordane er det stor fare for snøskred i dag, melder varsom.no. Sjølv om turvêret ikkje er av det beste denne helga, så ber NVE alle om å vere varsame i fjellet. På grunn av mildvêr er det observert fleire større og mindre skred.