NRK Meny
Normal

Stor ryddejobb ventar den nye byråden

Oppgåvene står i kø, men den ferske kulturbyråden let seg ikkje skremme. – Eg har stor arbeidskapasitet, seier han.

Fikk førstevalget

ARVAR MANGE ULØYSTE OPPGÅVER: – Stormoen får nok å gjere, seier byrådsleiaren i Bergen, Ragnhild Stolt – Nielsen.

Foto: NRK

Helge Stormoen (Frp) blei i går presentert som ny byråd for kultur, næring og idrett i Bergen, nesten to veker etter at Gunnar Bakke (Frp) plutseleg gjekk av som kulturbyråd.

Stormoen arvar ei rekkje uløyste oppgåver etter Gunnar Bakke.

Fleire planar er kraftig forseinka. Mellom anna idrettsplanen, sentrumsplanen og ein plan for bassenga i bydelane.

– Eg har stor arbeidskapasitet, seier Helge Stormoen til NRK.

– Rett mann til å ta ryddejobben

Gunnar Bakke

HAR FÅTT PES FOR Å HA GJORT FOR LITE: Tidlegare kulturbyråd Gunnar Bakke (Frp) overlèt ei rekkje uløyste oppgåver til den nye byråden Helge Stormoen (Frp).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Og stor arbeidskapasitet vil den ferske kulturbyråden trenge.

– Stormoen går til ein krevjande jobb. Han får nok å gjere, seier byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen.

– Men når Helge Stormoen (Frp) har fått sett seg inn i jobben er han ein utmerka person til å gjere ein ryddejobb, meiner Ragnhild Stolt-Nielsen.

Fram til andre mai er det byrådsleiaren som styrer skuta som fungerande kulturbyråd.

Ho seier ho har lova bystyrekomiteen for kultur, idrett og næring ei oppdatering på korleis det går med planarbeidet.

Dette ventar Stormoen

Når Stormoen trappar opp på kontoret andre mai må han ta tak i mykje som skulle vore klart for lenge sidan.

  • Idrettsplanen skulle etter planen ha vore oppdatert før utgangen av 2012.
  • Sentrumsplanen skulle vore ferdig våren 2013.
  • Landbruksplanen som skulle gjelda frå 2012 har ingen sett noko til.
  • Ein plan over bassengstrukturen i bydelane vart lova i fjor sommar, men er ikkje lagt fram.
  • I tillegg gjekk kulturstrategien for kulturbyen Bergen ut på dato i 2012 – utan at bystyret har fått nokon ny strategi på bordet.

Men den nyvalde kulturbyråden let seg ikkje skremme av ryddejobben som ligg føre han.

– Me gjer opp status andre mai. Viss det er slik at det er mykje å gjere, får me får ta det som det kjem, seier Stormoen.

LES OGSÅ: –Personkonflikt kostet Bakke jobben - Hordaland

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.