Hopp til innhold

Avsluttar leiteaksjonen i Nordåsvannet

– Vi trur båten er stolen, seier politiet. Politiet avsluttar leiteaksjonen.

Krimteknisk undersøking av båten ved Nordåsvatnet

UNDERSØKER: Krimteknikarar frå politiet undersøker båten.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Klokka 03.15 natt til tysdag fekk politiet melding frå ein uroa tipsar om ein båt som gjekk i ring på Nordåsvatnet i Bergen.

Båten skal ha gått i området ved Kyrkjetangen.

– Vi varsla andre naudetatar og Hovudredningssentralen og sende ressursar til staden, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Politiet fekk raskt lokalisert den 14 fot lange båten. Etter kvart gjekk den tom for drivstoff.

– Vi fekk bistand frå Forsvaret til å få den i land.

Men det var ingen om bord.

– Det er ingen teikn til personar, men sidan motoren var i gang mistenker vi at det har vore nokon om bord, fortel Halleraker.

Redningsaksjon ved Nordåsvannet i Bergen

REDNINGSAKSJON: Naudetatar, Forsvaret og frivillige deltek i søket ved Nordåsvannet i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Avsluttar aksjonen

Innsatsleiar Synnøve Malkenes

INNSATSLEIAR: Synnøve Malkenes fortel at det er gode leiteforhold ved Nordåsvannet tysdag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Politiet har funne registreringsnummer på båten.

– Vi har etter kvart fått tak i eigaren, og han har ikkje vore ute med båten, så den har nok blitt stolen i løpet av natta, fortel innsatsleiar på staden, Synnøve Malkenes.

Klokka ni tysdag morgon er basen for redningsaksjonen flytta til Fana roklubb, men aksjonen går føre seg med full styrke. Også Sivilforsvaret er kopla inn i søket.

Ny innsatsleiar på staden, Ole-Marius Røttingen, seier dei tek utgangspunkt i at båten er stolen.

– Vi veit at det ikkje er båteigaren som har brukt den. Eg vil be innstendig om at den eller dei som har gjort dette om å melde seg. Det vert brukt enorme ressursar no og det er krevjande, seier Røttingen.

Klokka 14.00 melder politiet at dei avsluttar aksjonen i Nordåsvannet.

- Det har vore gjort omfattande søk, utan at det er funne personar. Ingen er meldt sakna, skriv operasjonssentralen på Twitter.

Søkte med båt og helikopter

Sjølv om det framleis ikkje er gjort funn som kan koplast til båten, er vêret ideelt for søk.

– Det er gode leiteforhold i dag. Etter kvart får vi god hjelp frå dagslyset, seier Malkenes.

Både mannskap frå Håkonsvern og frivillige er kopla inn i søket.

– Vi søker no med både redningshelikopter og ambulansehelikopter, fortel Stein Jarle Langvik, redningsleiar ved HRS Sør-Norge like før klokka 06 tysdag.

Klokka 08 skriv HRS på Twitter at redningshelikopteret returnerer til Florø og at søket vil halde fram på sjøen og i strandsona.

– Vi har tre båtar som deltek i søket, fortel Langvik.

Dronar har også vore involvert i søket.

Båt frå Røde Kors deltek i søk på Nordåsvatnet i Bergen

RØDE KORS-BÅTEN: Det vert søkt både til sjøs og i strandsona ved Nordåsvannet i Bergen tysdag morgon.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK
Nordåsvannet