Hopp til innhold

Mann (32) døydde etter fall på fjellet

Ein 32 år gamal mann døydde av skadane etter at han fall utfor ei bratt skråning på fjellet Bruviknipa på Osterøy.

osterøy bruviknipa

Mannen var i eit turfølgje på fire personar då ulykka skjedde Politiet fekk melding klokka 15.07 laurdag ettermiddag om at han var skadd i ei fallulykke.

Haukeland sjukehus opplyser i ei pressemelding laurdag kveld at mannen er død, og at dei pårørande er varsla.

Henta med helikopter

Klokka 17.45 opplyste politiet på Twitter at mannen var henta ut med eit Sea King redningshelikopter, og at han var på veg til Haukeland sjukehus.

Tilstanden var då alvorleg, ifølgje politiet.

– Mannen har både falle og rulla nedover fjellet. Han blei funnen mellom 50 og 100 meter nedanfor der han fall frå, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Hordaland politidistrikt til NTB.

Stor aksjon

Politiet sette straks i gang ein stor redningsaksjon då dei fekk melding om ulykka.

Eit helikopter frå Luftambulansen og eit Sea King redningshelikopter blei send til staden.

Det blei også send fjellklatrarar frå to ulike klatregrupper, og dessutan mannskap frå Røde Kors.

– Skodde og vind gjer arbeidet vanskeleg, men redningspersonell har kome fram til mannen, opplyste operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Hordaland politidistrikt i 17-tida.

Det skal ifølgje politiet vera ganske bratt i området der ulykka har skjedd.

– Turfølgjet har telefonkontakt med AMK-sentralen, sa Rebnord til NRK tidlegare i ettermiddag.

Populært turområde

Toppen av Bruviknipa er 822 meter over havet, og er den nest høgaste fjelltoppen på Osterøy.

Fjellet er eit populært turmål. Toppen er lett tilgjengeleg både frå Bruvikdalen, Skaftå og Hovden, ifølgje Wikipedia. Fjellet blir også kalla Brøknipa.

  • Les meir om fjellet på Ut.no