Hopp til innhold

Talet på redningsaksjonar halvert: – Fjellvakter ved Trolltunga er heilt naudsynt

ODDA (NRK): Turistar, hjelpekorps og reiseaktørar er samstemte to månader etter at fjellvakta blei utplassert i høgfjellet: Ordninga må bli permanent.

Fjellvakt Trolltunga

LOKALKUNNSKAP: Matt og Lauren frå Nottingham i England passerer fjellvakt Mats Bjørnstad på veg til Trolltunga. Bjørnstad trur han og kollegaane har forhindra mange redningsaksjonar denne sommaren.

Foto: Tale Hauso / NRK

Medan Røde Kors rykka ut til 42 redningsoppdrag i Trolltunga-området i fjor, har dei så langt i år berre hatt 19 oppdrag. Berre fire av desse har vore etter at vaktordninga kom på plass.

Det svarar til meir enn ei halvering samanlikna med rekordåret 2016.

– Vi er storfornøgde med ordninga slik ho er i dag og håpar inderleg at ho blir permanent, seier Knut Atle Øyre i Tyssedal Røde Kors Hjelpekors

Brennpunkt: Alarm Trolltunga

YNDA MÅL: 1100 meter over havet og 600 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal, er utsikta frå Trolltunga svært spektakulær. I år er det venta over 100.000 turgåarar til målet.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

– Turistane forstår alvoret

Vaktbrakka, som kom på plass i starten av juli, har i sommar vore døgnbemanna. I fjor gjekk mannskap frå Røde Kors i skytteltrafikk mellom utgangspunktet i Skjeggedal og den populære fjellformasjonen på grunn av dei mange naudmeldingane langs den 11 kilometer lange stien.

Etter fleire år som guide i Trolltunga Active, er Mats Bjørnstad ein av fjellvaktene som denne sesongen patruljerer høgfjellet. Hans inntrykk er at turistane no er meir førebudde enn før.

– Folk er betre utstyrt og ser ut til å ha ei betre forståing for at dette er ein krevjande tur.

Justine Vandeputte Geoffrey Delbaere på veg til Trolltunga

BELGISKE TURISTAR: Geoffrey Delbaere og Justine Vandeputte meiner fjellvakta er ein stor tryggleik for turgåarane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Meiner fjellvakta er naudsynt

Over 100.000 turistar er venta til turmålet dette året. I fjor forsøkte over 80.000 seg på turen.

Justine Vandeputte og Geoffrey Delbaere har førebudd seg godt, men kjenner seg ekstra trygge med ein vakt på stien.

Det belgiske paret meiner tiltaket er heilt naudsynt.

– Mange er her for første gong. Det er viktig at ein får råd frå nokon som kjenner området. Vakta har gjort turen tryggare for meg og kjærasten, seier Delbaere, og legg til:

– Eg meiner det ville ha vore uklokt om fjellvakta forsvann.

Fjellvakt Mats Bjørnstad

SLÅR AV EIN PRAT: Fjellvakt Mats Bjørnstad snakkar med mange av turgåarane som passerer han langs stien. Ikkje alle bør halda fram, meiner han. Men mange nektar å høyra på instruksar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ikkje alle tar imot råd

Ved ein varde i området Floren, om lag fem kilometer frå utgangspunktet i Skjeggedal, treff fjellvakt Bjørnstad på to utanlandske turistar. Det er ikkje mange timar att til skumring, og turistane har tenkt å overnatta.

Stundom kjem det turistar som har lite eller dårleg utstyr. Vi ber dei om å tenke seg om to gongar, men det er ikkje alle som høyrer på oss.

Mats Bjørnstad, turguide og fjellvakt ved Trolltunga

Med lite utstyr blir dei to turistane råda til å snu, men paret trassar fjellvakta sine råd.

– Det er ikkje alle som høyrer på oss. Eg håpar i det minste at eg slepp å reisa ut i natt viss dei er i ferd med å frysa i hel.

– Trur ordninga er komen for å bli

Fjellvakta har vore avgjerande for at mange av aksjonane som i fjor tæra på dei frivillige hjelpemannskapa, no er luka vekk, meiner Bjørnstad.

– Tilbakemeldingar frå hjelpekorps og andre aktørar er veldig gode. Eg trur ordninga er komen for å bli, seier ordførar i Odda Roald Aga Haug (Ap).

Roald Aga Haug

ORDFØRAR: Roald Aga Haug (Ap) går langt i å garantera at ordninga får halda fram. Her på Trolltunga i 2015.

Foto: Tale Hauso / NRK

I dag er det Odda kommune som betalar for ordninga. Kommunen har fått pengar til førebyggjande tiltak frå både Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og staten gjennom nasjonale turstiar. Ordføraren går langt i å garantera for ordninga.

– I tillegg får vi ein del inntekter frå turismen. Vi får sjå om det finst betre måtar å finansiera dette på. Eg trur ordninga har vore så bra, at me må ha eit liknande opplegg til neste år.