Hopp til innhold

Stor motstand mot eit nytt Stor-Bergen

NHO vil ha ein ny gigantkommune med Bergen i midten. Men naboordførarar vil heller stå utanfor enn å bli slukt av byen.

Utsikt fra Fløyen ut over Bergen sentrum

VIL IKKJE HIT: Naboordførarar vil heller stå utanfor enn å bli slukt av Bergen. Dei ønskjer ikkje ein storkommune, men vil halde fram slik dei gjer no.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg trur grunnleggande på konkurranse, og tenkjer at det viktigaste er at vi skapar konkurranse mellom Bergen og nokre kraftfulle regionkommunar, seier Terje Søviknes.

Os-ordføraren har lite tru på at bergensregionen bør samlast til éin storkommune.

– Med store kommunar rundt vil konkurransekrafta til heile bergensregionen bli betre, seier han.

Bergensregionen slik NHO ser for seg at storkommunen kan bli

GIGANT-BERGEN: NHO vil la Bergen sluke Os, Fusa, Vaksdal, Samnanger, Osterøy, Askøy, Øygarden, Sund, Fjell og Austevoll i framtida.

LES OGSÅ: Ap sier nei til kommunetvang

Terje Søviknes

TRUR PÅ KONKURRANSE: Os-ordførar Terje Søviknes.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

NHO vil ha gigantisk Bergen

I går la NHO og regiondirektør Tom Knudsen fram visjonen om at Os, Fusa, Vaksdal, Samnanger, Osterøy, Askøy, Øygarden, Sund, Fjell og Austevoll bør gå saman med Bergen om ein ny gigantkommune.

NHO har det siste halvåret kasta seg inn i debatten om kommunesamanslåing. Dei vil

LES MEIR: Slik vil NHO lage nye bykommunar

Eg trur at vi er i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane.

Siv Høgtun, ordførar Askøy

Knudsen meiner kommunereformdebatten har vorte for puslete.

– Vi skulle ønske at ein kunne sjå Bergen og omland i ein samanheng, seier Knudsen.

– Du hadde fått mykje betre planlegging og omstilling, med tanke på dei utfordringane vi står ovanfor. Kommunane er opptatt av sine eigne ting, utan at man kanskje ser heilskapen. Og ser vi ikkje den, så får vi kjempeutfordringar framover.

Os sentrum flyfoto

SNART BERGEN? Skal Os bli ein del av Bergen i framtida? Ikkje om det er opp til ordførar Terje Søviknes.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Byrådsleiar i Bergen Martin Smith-Sivertsen frå Høgre tar gjerne imot naboane og trur innbyggarane vil tena på ein storkommune.

Martin Smith-Sivertsen mener torget kan utvikles til å bli noe bedre enn det er i dag.

VIL UTVIKLE TORGET: Byrådsleiar i Bergen Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– I det lange løp trur eg det ville vore meir effektiv og gjeve betre tenester til innbyggjarane, seier han.

Fjell-ordførar Eli Berland frå Høgre har sansen for ideen, men meiner det først er aktuelt langt fram i tid.

– Det er for tidleg i dag, men på sikt trur eg det er slik det vil bli, seier ho.

LES OGSÅ: Høyre-ordfører: – Vil ha folkeavstemning

Ikkje Nordhordland

Askøy-ordførar Siv Høgtun frå same parti er skeptisk.

– Askøy skal allereie i 2030 bli 40.000 innbyggjarar. Eg trur at vi er i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane, seier Høgtun.

Siv Høgtun (H)

SKEPTISK: Askøy-ordførar Siv Høgtun.

Foto: Tomas Moss

Radøy-ordførar Jon Askeland og kommunane i Nordhordland er ikkje med i NHO-forslaget. Men senterpartiordføraren meiner NHO-forslaget legg opp til ein alt for stor kommune.

– Kvifor har vi så brutal tru på den enorme stordriftsfordelen i offentleg sektor? Me har mange eksempel på store offentlege sektorar som taklar stordrift veldig dårleg, seier han.