Om NSB vil kvitta seg med Finse, så manglar det ikkje på interessa blant potensielle kjøparar. NSB skal selja 14 bygningar, med 40 bueiningar, dei fleste for fritidsføremål. Gjensidige Nor Eiendom, som gjennomfører salet, har så langt sendt ut godt over 300 prospekt , seier eiendomsmeklar Jan Heimdal.
- Interessa er veldig stor. Talet på dei som har meldt seg er i overkant av det vi hadde venta.
Ein stor del av dei som har meldt seg, vil kjøpa enkeltleilegheiter, men NSB ynskjer å selja mest mogleg av byningane under eitt. Samla pris ligg på godt over 30 millionar kroner, men ein totalkjøpar vil nok få det billegare. Og fleire slike kjøparar har meld seg.
-Vi har fått klare indikasjonar frå enkelte som i allefall ynskjer å kjøpa større delar. Men det er vanskeleg å seia om desse følgjer opp med å gje bod, seier Heimdal.
6 av bygningane er i ein ny reguleringsplan føreslegne som heilårsbustader. Desse er vanskelegare å selja, sjølv om det finst folk som kan tenka seg å flytta til Finse.
-Det er nokon som har gitt utrykk for det. Men det er ingen som har snakka om å busette seg der dei første åra, seier Jan Heimdal.
Torsdag og fredag er det fyrste visning av eigedomane.