Hopp til innhold

Har funne ei stor fjellsprekk over rassstaden på fylkesveg 7

Statens vegvesen sin geolog har oppdaga ei omfattande sprekke i fjellet over rasstaden i Tokagjelet på fylkesveg 7. No er håpet at fjellsprekken er stabil nok til å la den ligge urørt.

Rassikringsarbeid i Tokagjelet

BRATT: Over dette fjellmassivet har Vegvesenet sin geolog funne ei stor sprekke.

Foto: Torkjell Kjosås

– Det er ein større struktur, ei opa sprekk i fjellet som går i bakkant av området der fjellmassane sklei ut søndag. Den er for stor til at ein kan sprenge den vekk, seier Njål Farestveit.

Stengd i fleire veker

Uavhengig av fjellsprekken vil hovudvegen mellom Bergen og Hardanger – fylkesveg 7 mellom Kvamskogen og Norheimsund – vere stengd i fleire veker etter det store steinraset som gjekk seint søndag kveld.

– Det vil ta fleire veker, fastslår Farestveit.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ras Tokagjelet

KNUST: Både vegbanen og tunnelopninga vart knust då om lag 300 kubikkmeter stein rasa i Tokagjelet på fv. 7 søndag.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Sprekk på opp mot ein meter

Etter å ha vore i helikopter over området tidlegare i veka, var Vegvesen-geologen onsdag sjølv til fots i fjellet for med sjølvsyn å sjå kva som lurer i bratta. Først no var området nok reinska til at det var trygt å ta seg inn.

– Eg har sett på og undersøkt nokre strukturar i berget oppe i fjellsida som vi vart klar over når vi hadde helikoptersynfaringa måndag. Denne strukturen (sprekken, jour.anm.) er open i toppen. Kanskje opp mot ein meter. Den same strukturen finn ein att heilt nede ved vegen, men der er den heilt lukka. Vi må gjere litt fleire vurderingar for spekulere ut kva vi skal gjere med denne.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Klatrar i Tokagjelet

REINSKAR: Mannskap frå jobbar no med å sikre fjellsida for lausmassar, før ryddinga av vegen kan starte.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vurderer overvaking

No skal ulike data analyserast før Statens vegvesen finn ut kva dei skal gjere med sprekken. Men sidan den store fjellsprekken førebels er tett nede ved fylkesvegen, håpar Farestveit det er nok å overvake den.

– Vi skal prøve å komme fram til ein plan vidare i løpet av torsdagen. Vi vurderer ei form for overvaking av opninga på denne sprekka oppe i fjellet. Slik at vi kontinuerleg kan følgje med. Dette må vi drøfte og undersøke meir.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Omkøyringsveg via Tysse

SMAL OMKØYRINGSVEG: Det blir trongt når tungtransporten må ta den lange og smale omkøyringsvegen via Tysse.

Foto: NRK.no-tipsar

Lang omveg

Imens held Mesta fram med å reinske fjellsida for lause blokker, stein og skog. Førebels kan ikkje arbeidet med å rydde sjølve vegbanen starte.

– Det er eit stykke fram, konstaterer geologen.

Imens må trafikken ta den smale og kronglete omvegen via fylkesveg 48 og 49 gjennom Tysse. Her har trafikken tidsvis stått i stampe dei siste dagane, og for bilistar som skal mellom Bergen og Norheimsund betyr det minst halvanna time ekstra køyretid. Bilistar kan også køyre via Voss på E16 og Rv. 13.