Hopp til innhold

– Brannen er under kontroll

I fleire timar har det no brunne kraftig på anlegget til BIR ved Flesland i Bergen. Brannvesenet held framleis på med sløkkingsarbeidet.

Stor brann i BIRs anlegg på Flesland i Bergen

IKKJE KONTROLL: Brannvesenet har ikkje kontroll på brannen i anlegget til BIR ved Flesland. Foto: Anders Ekanger

Klokka 15.45 fekk 110-sentralen melding om at det brenn hos BIR ved Flesland i Bergen. I fleire timar har det no brunne kraftig på anlegget.

– Det er slått storbrann-alarm, fortel vaktkommandør på 110-sentralen, Stig Tetle.

Klokka 19.29 kunne 110-sentralen melde om at brannen var under kontroll.

Alle personane som var inne på anlegget då brannen oppstod har evakuert anlegget.

Laster Twitter-innhold

Tre stasjonar er sendt ut

sløkkingsarbeid

SLØKKER: Brannvesenet held framleis på med å sløkke brannen.

Foto: Jarl Omedal / NRK

Tre brannstasjonar i Bergen er sendt ut til BIR sitt anlegg ved Flesland.

– Me har også fått hjelp av ein brannbil frå Flesland lufthamn, seier Tetle.

Røykdykkarar har vore inne ved brannen, men på grunn av varmen måtte dei trekke seg tilbake.

– Sjølv om me ikkje har kontroll på brannen, er det ikkje fare for at den spreier seg, seier vaktoperatøren. Den går føre seg inne på BIRs anlegg.

Ikkje giftig avfall som brenner

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal seier brannen har oppstått inne på eit lager der det er lagra grovavfall.

Tina Skudal, kommunikasjonsrådgiver i BIR

STORBRANN HJÅ BIR: Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal, seier det ikkje skal vere giftig avfall som brenner.

Foto: BIR AS

– Det brenn i restavfall. Men det er ikkje restavfall frå hushaldningar, men mest trevirke, madrassar, sofaer og slikt.

– Det er ikkje giftig avfall som brenner, seier Skudal.

BIR kan endå ikkje seie noko om korleis brannen har oppstått.

– Ein tilsett oppdaga kraftig røykutvikling inne på eit lager. Me evakuerte då anlegget og varsla naudetatane.

BIR har sett på sprinkelanlegget på dei andre lagera, for å halde det andre avfallet fuktig.