NRK Meny
Normal

Stor auke i tal på drukningsulukker

Hordaland og Nordland har ei stor auke i tal på drukningsulukker. Hittil i år er talet på drukna i dei to fylka like høgt som i heile 2013. – Eg skulle ønske denne tendensen snudde, seier lensmann Roald Raunholm.

Badelidyll

HØGT TAL PÅ DRUKNINGSULUKKER: Hittil i år har minst ni personar omkomme i drukningsulukker i Hordaland, og sju i Nordland. Det er like mange som i heile fjor til saman, syner tal frå Norsk Folkehjelp. Kvifor talet i Hordaland og Nordland er spesielt høgt, er vanskeleg å forklare, seier Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp.

Foto: paxsonwoelber / flickr.com

I helga omkom ein 19-år gammal gut etter ei badeulukke ved Leirvik på Stord, og ein 40-år gammal mann omkom etter bading i båthamna på Fitjar.

– Dei fleste drukningsulukker i Noreg skjer på ei vassdjupn på mellom halvannan og tre meter.

Gard Aleksander Bjørnstad, Norsk Livredningsselskap

Hittil i år har minst ni personar omkomme i drukningsulukker i Hordaland, og minst sju i Nordland. Det er like mange som i heile fjor til saman, syner tal frå Norsk Folkehjelp.

På landsbasis er talet i år fram til fyrste juli 49, samanlikna med 119 totalt i heile fjor, eit tal Norsk Folkehjelp har omtala som urovekkande.

Det høge talet på drukningsulukker er trist, seier fungerande lensmann på Stord Roald Raunholm.

– Det er eit høgt tal. Eg skulle ønske dette snudde og at me såg ein anna tendens. Det er veldig trist at talet på drukna er så høgt.

Politiet har snakka med vitna til drukningsulukkene i helga og bedd om obduksjon av begge dei omkomne.

– Ni av ti drukningar skjer i det stille

Gard A. Bjørnstad

KJENN GRENSENE DINE: – Det er ikkje noko gale i at ein nyt sommaren ute i vatnet. Berre ver klar over faren og følg med på at dei du er med har det bra, seier President i Norsk Livredningsselskap Gard Aleksander Bjørnstad.

Foto: Norges Livredningsselskap

Statistikken frå Norsk Folkehjelp bygger på elektronisk overvaking av norske medium. Talet på omkomne etter drukningsulukker kan difor vere høgare.

Kvifor talet i Hordaland og Nordland i år er høgt samanlikna med i fjor, er vanskeleg å forklare.

– Det kan eg ikkje svare på, seier Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp. Ein kan ikkje føreseie ulukker, men me gjer alt me kan for å førebyggje.

President i Norsk Livredningsselskap Gard Aleksander Bjørnstad, meiner det varme vêret me har i sommar naturleg gjer at fleire oppheld seg i og ved vatn. Det i seg sjølv kan gjere at ein får fleire drukningsulukker.

Ni av ti drukningar skjer i det stille, fortel Bjørnstad. Det er ofte ingen teikn til skrik eller plasking, det berre skjer ved at ein søkk ned.

– Det er ikkje noko gale i at ein nyt sommaren ute i vatnet. Berre ver klar over faren og følg med på at dei du er med har det bra.

LES OGSÅ: – Verste drukningssommer på tre år - NRK – Norge

(Artikkelen held fram under biletet)

Huk

KOSAR SEG I VARMEN: – Det varme vêret me har i sommar naturleg gjer at fleire oppheld seg i og ved vatn. Det må folk ikkje vere redde for å gjere, seier President i Norsk Livredningsselskap Gard Aleksander Bjørnstad.

Foto: Lars Håkon Mosvold / Scanpix

– Flest ulukker på mellom halvannan og tre meters djup

– Eg skulle ønske dette snudde og at me såg ein anna tendens. Det er veldig trist at talet på drukna i fylket er så høgt.

Roald Raunholm, fungerande lensmann på Stord lennsmannskontor

Bjørnstad seier den vanlegaste årsaka til drukning er at ein får vatn i luftvegane og strupelåsing.

– Det betyr at nokre dropar vatn i luftrøyret skapar det ein kan kalle kaos i hovudet ditt og i staden for å behalde roa gjer ein ei rekke små ting som til slutt gjer at ein druknar (sjå faktaboks).

LES OGSÅ: Slik skjer en typisk drukning - NRK – Østlandssendingen

Dei fleste drukningsulukker i Noreg skjer på ei vassdjupn på mellom halvannan og tre meter. Det er ei djupn dei aller fleste klarar å dykke ned til. Men ut over tre meter bør ein ofte vere trent for å klare å dykke ned.

Ådlandsvatnet ulukke

TO DRUKNINGSULUKKER I HELGA: Ein 19-åring og ein 40-åring omkom i helga på Stord og Fitjar.

Foto: VILDE HJERTHOLM LUNDE

– Har du trent på å dykke ned til fem meter i svømmehallen er det bra, men ofte kjennast det meir ubehageleg og meir vanskeleg å dykke ned på ei slik djupn i naturen.

Skadane etter drukning kan òg komme fleire timar etter at ein har vore i vatnet, seier Bjørnstad.

– Ofte ser me at barn som har fått vatn i luftvegane har nedsett allmenntilstand, men ikkje nok til at ein føler det er farleg. Vatn i luftvegane for eit barn bør alltid undersøkast av ein lege.

LES OGSÅ: – Sikkerheten kan alltid bli bedre - Troms og Finnmark

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Kronen

SJØEN KAN LURE DEG: – Me har ein veldig mangfaldig skjergard i Hordaland. Sjøen kan sjå roleg ut, men det kan vere kraftige understraumar, seier Morten Kronen i Hordaland Politidistrikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Sjøen kan lure folk

Politiet i Hordaland har om sommaren båtpatruljar på vatnet for å følgje med på aktiviteten i vatnet.

– Me har sett folk på mest kvar einaste øy og holme langt ute i havet i sommar. Det er sjølvsagt mykje aktivitet i sjø og elver no når det har vore så varmt, og aktiviteten strekker seg over heile døgnet, seier Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

At talet på drukningsulukker i Hordaland er så høgt samanlikna med i fjor, er alvorleg, seier Kronen.

– Me har ein veldig mangfaldig skjergard i Hordaland. Sjøen kan sjå roleg ut, men det kan vere kraftige understraumar. Det kan lure folk.

Han åtvarar også folk mot å overvurdere eigne svømmeferdigheiter.

– Når temperaturen i vatnet er så høg, kan ein komme til å overvurdere eigne svømmeferdigheiter. Enkelte nyttar også alkohol i samband med bading. Det er ikkje ein heldig kombinasjon.

Lensmann på Stord Roald Raunholm er samd i at noko av det viktigaste folk kan gjere er å ta vare på seg sjølv og kjenne grensene sine.

– Ikkje ta unødige sjansar og ver på den sikre sida. Fantastisk ver lokkar folk ut i både ferskvatn og sjøvatn, men å ta vare på seg sjølv er viktig slik at me unngår fleire drukningsulukker.

LES OGSÅ: Sekundær drukning - Buskerud

statistikk

Statistikken syner tal på omkomne etter drukningsulukker i dei ulike fylka i 2013 (øverst) og i 2014 fram til 1.juli. Tala frå juli 2014 kjem i tillegg, men syner ikkje her. Statistikken frå Norsk Folkehjelp bygger på elektronisk overvaking av norske medium. Talet på omkomne etter drukningsulukker kan difor vere høgare enn det som kjem i denne statistikken.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås