Hopp til innhold

Stoppar nedleggjing av båtruter

Fylkestinget fjernar formuleringa om at dei to båtrutene som knyt saman veglause gardar i Osterfjorden og Veafjorden vert lagt ned. I samband med budsjettet for 2018 foreslo fylkesrådmannen å spara 2,2 millionar, med å leggja ned rutene. Fylkespolitikarane ber no om at behovet for rutene ver utgreidd, og varslar at saka kjem oppatt til våren.