Hopp til innhold

Stoppar flytting av bomstasjonar

Fylkestinget i Hordaland kom ikkje fram til eit vedtak om flytting og riving av bomstasjonar i Åsane. Ap, MDG, Rødt og fleire andre representantar stemte for flytting, men fekk ikkje fleirtal. Det fekk heller ikkje dei som ville stoppe endringane. Utan eit vedtak frå fylkestinget, kan ikkje Bergen kommune flytte bomstasjonane.

Fylkestinget i Hordaland debatterer flytting av bomstasjonar
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK