Stoppa sjåfør som vingla

Politiet stoppa klokka 02.23 i natt ein bil i Nattlandsveien i Bergen på grunn av vinglete køyring. Bilføraren, ein mann i 30-åra, blei tatt med til legevakta for blodprøve. Det blei funne mindre mengder narkotika i bilen, og politiet trur han var rusa.