Hopp til innhold

Stoppa sjåfør med promille

Etter tips frå bilistar om vinglete køyring, vart ein bil stogga på E39 ved Kaland skole i føremiddag. Etter ein kjapp kontroll kunne politiet konstatera at den 27 år gamle sjåføren var påverka av alkohol. Mannen vart tatt med for å levera blodprøve.