Hopp til innhold

Kan vente seg straff etter denne plankekøyringa

Bilen var fullasta av plankar, hadde knust frontrute og inga sikt ut sidevindauget.

Føraren av denne bilen vart meldt til politiet for uforsvarleg lasting.

SKREKKDØME: Denne bilen vart stoppa i kontroll ved Lagunen i Bergen. No kan sjåføren vente seg ein reaksjon frå politiet. – Urovekkande, meiner vegvesenet.

Foto: Statens vegvesen

3137 køyretøy vart onsdag føremiddag kontrollerte av Statens vegvesen ved Lagunen senter i Bergen. Ikkje alle fekk køyre vidare utan merknad.

Seksjonsleiar for køyretøy i Bergen, Tommy Alsaker, fortel at vegvesenet mellom anna måtte stoppe føraren av ein bil som var fullasta med plankar.

– Vi stoppa vedkommande og såg at frontruta var knust. Lasta var ikkje forsvarleg sikra, og føraren mangla totalt sikt ut sidevindauget og i spegelen.

Sjåføren måtte leggje att ein stor del av plankane langs vegkanten før han fekk køyre vidare og måtte deretter kome tilbake for å hente resten.

– Ein vert uroa når ein ser slikt. Ein kan risikere at dersom ein bremsar opp, kan plankane kome flygande gjennom lufta og treffe uskyldige personar. I tillegg har vedkommande inga sikt til høgre for bilen, og dette kan skape farlege trafikksituasjonar og få alvorlege konsekvensar, seier Alsaker.

Føraren av denne bilen hadde ikkje sikt ut høgre sidevindauge. Frontruta var også knust.

PLANKEKØYRING: Sjåføren hadde inga sikt ut det høgre sidevindauget eller til spegelen.

Foto: Statens vegvesen

To meldt til politiet

Føraren vart meldt til politiet. Og dette var slett ikkje det einaste skrekkdømet under kontrollen, ifølgje Alsaker.

– Vi stoppa mellom anna ein far og ei mor med fire born i baksetet. Ingen av desse nytta bilbelte. Dei var også fleire personar i bilen enn det som er lovleg. Slikt slår vi hardt ned på, fortel han.

Føraren av denne bilen fekk gebyr for å køyre utan bilbelte, og vart også meldt til politiet.

– Det er vår plikt å stoppe slike bilistar. Førar har ansvar for at born er forsvarleg sikra. Vi veit at bilbeltet reddar liv, og at konsekvensane ved å ikkje bruke bilbelte ved ei ulukke kan vere fatale, seier Alsaker.

Har nullvisjon

Alsaker fortel at vegvesenet vinka inn 60 bilar for å undersøkje desse nærare. Då oppdaga dei 20 bilar med skriftlege manglar. Fire av desse vart avskilta.

I tillegg fekk fem bilistar bilbeltegebyr, ein del fekk skriftlege pålegg om å fjerne solfilm på siderutene, og nokre motorsyklar vart nøydd å endre på støynivået sitt.

– Vi i vegvesenet har ein nullvisjon når det gjeld tryggleik i trafikken. Denne går ut på at ingen skal verte hardt skada eller drepne i trafikken, forklarar Alsaker.