Hopp til innhold

Stolte av å vera skadefrie

I industrien kan faren for arbeidsulykker vere stor. Ved Olvondo Industries på Bømlo har ingen vore heime på grunn av arbeidsrelaterte skadar sidan dei starta opp. – Det er vi veldig stolte av, seier direktøren.

Olvondo Industries

SKADEFRI: Stian Hopsdal viser ein 12.5 tonn tung komponent som skal ut på havbotnen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Dei tilsette her må handsame tunge gjenstandar og stor risiko for skade. Men det er åtte år sidan nokon på denne verkstaden opplevde å skade seg.

– Vi har tunge løft og komponentar som veg opp i 60–70 tonn. Det er mykje som skjer på ein industriarbeidsplass. Difor meiner vi at det å unngå at folk er heime fordi dei har skada seg på jobben er ganske spesielt, fortel hovudverneombod Knut Sigve Uran.

Åtte år utan skadar

Den skadefrie historia går tilbake til 2007 – altså lenger tilbake i tid enn sjølve bedrifta.

For då Wärtsilä på Bømlo flytta gir- og propellproduksjonen til utlandet i 2012, var 90 personar i fare for å miste jobben.

Men nyetablerte Olvondo Industries, som er driven av tidlegare Wärtsilä-arbeidarar, overtok fabrikken og heile personale.

Olvondo Industries

VERNEOMBOD: Knut Sigve Uran seier dei må halde fokus på tryggleiken.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det er stor risiko her. I den avdelinga eg jobbar er det klemfare og ting kan falle ned, seier Stian Hopsdal.

Han er teamleiar for logistikk og har ansvar for transporten inn og ut av lokalet. Han viser oss ein gjenstand som skal ut på havbotnen. Den er diger. Vekta er 12,5 tonn.

Trygt og helsebringande

Administrerande direktør, Tore Kallevåg, er ein av fire tidlegare Wärdsilä tilsette som redda dei 90 arbeidsplassane.

– Vi har no hatt 8 år utan ein fråværsskade her. Det er ganske formidabelt, og det e vi veldig stolte av, seier Kallevåg.

Olvondo leverer tenester innan maskinering, samanstilling og testing til olje- og gassmarknaden, maritim industri og fornybar energi.

Olvondo Industries

DAGLEG LEIAR: Tore Kallevåg er stolt av lite fråvær.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Midt i tunge nedgangstider kan han gle seg over dei låge fråværstala. Han skryt også av generelt lågt sjukefråvær.

– Vi snakkar heller om nærvær her. Vi vil at dei tilsette skal kjenne seg sakna om dei er sjuke, og om dei er heime ein dag så er det nokon som manglar. Det trur eg handlar om trivsel.

Kan ikkje kvile

Direktøren trur den positive statistikken vitnar om bedrifta som ein trygg og helsebringande stad å jobbe.

Hovudverneombodet er også nøgd, men minner om at det ikkje er grunn til å kvile.

– Dette er jo noko vi kan vere krye av, men vi må framleis halde prosedyrar og vere forsiktige, seier Knut Sigve Urang.