Hopp til innhold

Stolt av å endre kjøkkenreformen

Byrådsleiarkandidat for Frp Liv Røssland er stolt av at dei har fått endra kjøkkenreformen. No lovar ho betre mat til dei eldre i byen.

Liv Røssland (Frp)
Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

- Eg er veldig stolt av at me har fått reformerte den feilslåtte kjøkkenreformen som vart innført i 2005, seier Røssland.

No lovar ho betre kvalitetskontroll, fleire kjøkken og meir varmat til eldre.

46 kjøkken nedlagt

Reforma førte til at 46 institusjonskjøkken vart lagt ned berre i Bergen. Produksjonen av middag til eldre og pleietrengande vart lagt til store sentralkjøkken og middagen kom vakuumpakka.

Lyngbøtunet kjøkken

Lyngbøtunet er ein av dei stadene som har fått igjen kjøkkenet sitt etter at bystyret gjekk tilbake på reforma.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

Dette utløyste massiv kritikk, ikkje minst frå dei eldre i byen, som meinte kvaliteten på maten var drastisk forverra.

Ser fram til måltida

Ruth Lyngbø ved Lyngbøtunet Bo og servicesenter i Laksevåg har i dag lite godt å seie om maten som kom saman med reforma.

– Den var smaklaus og alle måltid smakte likt. Rett å slett pyton, seier ho.

I dag kan ho igjen gleda seg over måltida.

Lyngbøtunet er ein av dei stadene som har fått igjen kjøkkenet sitt etter at bystyret gjekk tilbake på reforma. Førebels er det berre to av dei 46 kjøkkena som vart lagt ned som er komen tilbake.

– Me er på rett veg, men har enno langt igjen, seier Røssland.

Reforma slakta

For tre år sidan vart kjøkkenreforma slakta i ein evalueringsrapport som var utarbeida av eit utval der Liv Røssland var leiar. Der kom det fram at 60 prosent av brukarane meinte maten var for dårleg, 100 000 heimbuande eldre valde den vekk.

- Dette fekk politikarane til å snu, seier Røssland.

Ingrid Tvedt (t.v), Anne Brit Bø (t.h)

Lyngbøtunet fekk tilbake kjøkkenet sitt i april. - Bebuarane appluderst og gjekk nermast i tog, seier Bø.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

I korridorane ved Lyngbøtunet kjenner ein at det nærmar seg middag. På kjøkkenet ligg avkokt makrell, med rømme og agurksalat i ferd med å bli dandert på serveringfat.

- Lyngbøtunet fekk tilbake kjøkkenet sitt i vår, og det var stor stas, fortel avdelingsleiar ved kjøkkenet Anne Brit Bø. Det var nesten som bebuarane gjekk i tog dei fyrste dagane, fortel ho.

Institusjonssjef ved Lyngbøtunet Ingrid Tvedt, seier ho er stolt av at Bergen endra vedtaket etter at reforma vart innført.

- No kan kokkene som kan ernæring konsentrere seg om det, og dei som jobber i pleien få jobbe med det som dei er god på, seier ho.