Hopp til innhold

Stogga Giske sitt skulebesøk

Næringsminister Trond Giske skulle tale til elevane, men vart stogga av ungdomspolitikarar.

Næringsminister Trond Giske
Foto: NRK

Næringsminister, Trond Giske, avlyste i dag den planlagde appellen på Årstad skule. Framstegspartiets Ungdom kritiserte han for å bryta avtalen om ikkje å debattere eller halde appellar på skulane.

- Eit klart brot på avtalen

Ungdomspartia hadde eit møte etter terroråtaka i Oslo og på Utøya der dei vart samde om å avlyse skuledebattane, og at ein ikkje skulle halde appellar under skulebesøk.

Nestleiar i FPU, Himanshu Gulati, meiner den planlagde appellen til Giske var eit klart brot på den tverrpolitiske semja etter terroråtaka 22.juli.

- Me vart ganske overraska då me fekk vete at Trond Giske skulle halde appell i dag, seier Gulati.

- Pysete av ungdomspolitikarane

Ungdomspolitikarane var nøgde då Giske bestemte seg for å trekke appellen, men lærar i samfunnsfag Gudmund Toreid meiner ungdomspolitikarane var pysete.

- Eg er heilt sikker på at Giske ikkje ville ha nytta dette partipolitisk. Hans visjon er å få ungdom til å interessere seg for valet, og dersom han hadde misbrukt denne sjansen til å drive partipolitisk argumentasjon kunne dei ha teke han for dette i ettertid, seier Toreid.

- Eg hadde ikkje planlagd ein appell

Næringsminister Trond Giske seier han slett ikkje hadde planlagd noko appell på besøket til Årstad skule.

- Eg ønska ikkje det sjølv sidan partia har bestemt at ein skal halde seg til å stå på stand. Men eg meiner det er viktig at partia møter ungdommen og oppmodar dei om å delta i det partiet dei føler dei står nærast, seier Giske.