NRK Meny
Normal

Stiller ut gull for enorme verdiar: Har installert doble låsar og spesialmontrar

BRYGGEN (NRK): Med innbrotet på Universitetsmuseet friskt i minne, har Bryggen Museum skjerpa sikkerheita betydeleg til utstillinga av fleire tusen år gamle gullskattar.

Gullutstilling på Bryggen Museum

VAKTAR: 2000 år gamle gullskattar vert stilt ut på Bryggen Museum i Bergen. Sikkerheita er skjerpa for å unngå innbrot, og eigne vaktar var kledd i gull for anledninga då utstillinga opna fredag.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Verdien av denne utstillinga er uvurderleg, seier direktør for Bymuseet, Marianne L. Nielsen.

Fredag kveld vart utstillinga «Legender i gull» opna på Bryggen Museum i Bergen. Næringsminister Monica Mæland stod for den offisielle opninga.

Utstillinga, som er laga av det bulgarske nasjonalmuseet for historie, inneheldt fleire tusen år gamle kulturskattar i reint gull.

– Det er snakk om svimlande summar i pengeverdi, men den kulturhistoriske verdien er endå større. Dette er umistelege gjenstandar, seier Nielsen.

Gullutstilling i Bergen

SJELDAN: Gullgjenstandane, som sjeldan er utanfor Bulgaria, har tidlegare vore stilt ut i Paris, Moskva og Tokyo.

Foto: NRK

Har arbeidd med sikkerheita i eit år

Utstillinga opnar berre tre veker etter innbrotet på Universitetsmuseet i Bergen, der rundt 400 vikingskattar vart stolne.

Tjuvane tok seg inn i sjuande etasje via eit stillas, og museet har i ettertid tatt sjølvkritikk for manglande sikring.

– Når noko vert tatt, kan ingen museum etterpå si at gjenstandane var sikra «godt nok». Det var de openbert ikkje, sa fagdirektør Henrik von Achen til NRK etter innbrotet.

Her tok tyvene seg inn i Historisk museum

TOK VERDIFULLE KULTURSKATTAR: Over 400 gjenstandar er vekke etter at tjuvar tok seg inn på Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Kari K. Årrestad / Universitetsmuseet

På Bryggen måtte ein styrka sikkerheita før museet fekk ta i mot den dyrebare gullutstillinga frå Bulgaria.

Mellom anna er låsesystem og vindauge oppgradert, dører har fått doble låsar og montrane er spesialproduserte.

– Vi har jobba mykje med sikkerheita gjennom det siste året. Vi har gjort alt vi treng, så den skal vere på topp, seier Nielsen.

Undervegs har museet fått tett oppfylging av ekspertar, mellom anna sikringsutvalet frå Kulturdepartementet.

– Vi har fått tommel opp for alt vi har gjort for å sikre museet. Eg søv så godt eg kan om natta med tanke på sikkerheita, seier Nilsen.

– Stor ærefrykt

Laurdag opnar gullutstillinga for publikum. Den vert ståande til 10. desember.

– Eg håpar publikum strøymer til for å sjå desse fantastiske skattane, seier Nilsen.

NRK var med då utstillingsobjekta vart pakka opp for ei dryg veke sidan.

– Det er med stor ærefrykt vi tek i mot dette, her er så mykje fantastisk. Gjenstandane har detaljar og handverk som eg tvilar på at dagens gullsmedar kunne fått til, sa konservator Anne Bjørke.

Bulgarsk gullutstilling i Bergen

VERDIFULL: Gjenstandane som vert stilt ut har stor verdi.

Foto: NRK

Direktøren meiner utstillinga er viktig.

– Det betyr mykje å stille ut europeisk kulturhistorie på verdsarvstaden Bryggen, seier Nilsen.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik