Hopp til innhold

Mange politikarar støttar Nathan

Nesten heile fylkestinget i Hordaland krev at Nathan (6) frå Bergen ikkje må kastast ut av Norge.

Video 45103885-0aef-4b76-98e1-575fc6db385c.jpg

SJÅ VIDEO: Frå i morgon gjeld den nye tvangsreturavtalen. Då kan Nathan frå Ytre Arna i Bergen bli sendt til eit land han aldri har vore i.

Aud Karin Oen

GÅR MOT REGJERINGA: SV-politikar i Hordaland Aud Karin Oen seier det er tungt å kjempa mot si eiga regjering.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

Åtte av dei ni partia som er representerte i fylkestinget har stadfesta at dei vil stemma for ein uttale til regjeringa, der dei ber om at Nathan må få bli.

Framstegspartiet vil drøfta saka på eit gruppemøte før dei konkluderer om dei vil stilla seg bak kravet.

Les og: – Utleveringsavtale vil ramme barna

Tvangsretur frå i morgon

Ein ny avtale om tvangsretur mellom Norge og Etiopia trer i kraft frå i morgon. Frå den datoen kan Nathan Eshete frå Bergen og familien hans bli sendt til Etiopia, saman med fleire hundre andre papirlause flyktningar.

Aud Karin Oen (SV) som har tatt initiativet seier det er tungt å kjempa mot eigen regjering.

– Det er ikkje lett. Det må eg få lov å seia. Det er veldig vanskeleg, seier Oen.

Vi ber ansvarlege styresmakter syta for at Nathan og foreldra hans kan halda fram med å bu i Bergen.

Støtteerklæring frå fylkestinget i Hordaland

SV-politikaren meiner omsynet til Nathan og familien må vera viktigast.

Ho syns det er heilt urimeleg at ein seks år gamal gut som har budd heile livet i Norge skal sendast til eit land som er heilt ukjent for han.

– Det er ein frykteleg skjebne. Ungane sine rettar må gå framfor innvandringspolitikken, seier Oen.

Grete Faremo

STÅR FAST: Justisminister Grete Faremo står fast på regjeringa sin politikk.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix
Står fast på returpolitikken

Justisminister Grete Faremo (Ap) har nyleg sagt at det er uvesentleg om Nathan er fødd og har budd her i landet heile livet.

Ho står fast på regjeringa sin returpolitikk .

– Ein effektiv og god asylpolitikk betingar og ein konsekvent returpolitikk. Om dei har fått barn mens dei har vore i norske mottak, så legg ikkje det nye føringar dersom saka totalt sett har endt med avslag, sa Faremo tidlegare denne veka.

Men no møter altså Faremo motbør frå eigne partikameratar.

– Ingen bør sendast ut før stortingsmeldinga om «Barn på flukt» er behandla, seier gruppeleiar Harald Schjelderup (Ap) i Bergen bystyre.

Les og: Fremtredende Ap-politikere ber eget parti om å snu

Også Arbeidarpartiet i fylkestinget protesterer kraftig, og stiller seg bak støtteerklæringa:

– Vi ser rundt i heile Norge at det er eit kjempestort opprør i Arbeidarpartiet mot asylpolitikken. Eg forventar at regjeringa endrar politikken etter dei krava som kjem frå heile landet, seier fylkestingsrepresentant Rasmus Rasmussen i Arbeidarpartiet.

Aina Heldal Bøe

STØTTEGRUPPE: Aina Heldal Bøe er med i den lokale støttegruppa for Nathan.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Kan vi og bli kasta ut?

– Det kom som eit stort sjokk for meg då eg blei klar over at Nathan ikkje hadde opphaldsløyve her i landet etter så mange år, seier Aina Heldal Bøe i den lokale støttegruppa.

Ho blei kjent med Nathan då sonen hennar byrja i barnehagen og fekk Nathan som fadder.

– Det er ikkje lett å forklara for sonen min at Nathan kan bli sendt til Etiopia. Han er forferdeleg redd for at han aldri skal få sjå Nathan igjen. Og han spør om nokon kan bestemma at vi for eksempel må flytta til Spania, seier Heldal Bøe.

Støttemarkering i kveld

Kvelden før utsendingane til Etiopia trår i kraft arrangerer støttegruppa til Nathan ei støttemarkering klokka 18 på Torgallmenningen i Bergen sentrum.

– Vi må få ut informasjon om korleis desse barna blir behandla. Det er ei stor skam for Norge. Men mykje har skjedd i det siste. Berre dei siste dagane er det veldig mange politikarar og andre som har gått ut og støtta kravet vår, seier Aina Heldal Bøe.

Ho håpar i det minste at utsendinga blir utsett.

Det er støttegruppa og AUF i Hordaland som arrangerer markeringa i kveld.

Nathan og vennene

STOR STØTTE: Tidlegare i vinter var det fakkeltog. I kveld er det ny støttemarkering for Nathan.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK