Hopp til innhold

Stiller med rekordbudsjett i 1. divisjon

Brann skal bruke heile 90 millionar kroner i forsøk på å vende tilbake til eliteserien, eit budsjett som er langt større enn hjå konkurrentane i 1. divisjon.

Brann stiller med rekordbudsjett i første divisjon.

REKORDBUDSJETT: Brann stiller med 90 millionar kroner i budsjett for sesongen i 1. divisjon.

– Brann er ein storklubb, og eg trur ikkje det er heilt umogeleg at me har hatt det bra budsjettmessig i eliteserien også, seier Brann-trenar Rikard Norling.

Tilliten er fornya, og branntrenaren er trigga av at ein heil by krev opprykk. Det viser att på budsjettet til klubben, for Brann skal bruke historiske 90 millionar kroner i forsøk på retur til eliteserien.

Dette medan Mjøndalen rykkjer opp med 15 millionar kroner i ryggen, Sandefjord Fotball stiller med 25 millionar, og Sandnes Ulf med 28 millionar.

  • Sjå intervjuet med Norling øvst i saka.

LES OGSÅ: Slik blir Branns sesong i 1. divisjon

Meir fysisk trening

Det er 1. divisjon som no er no kvardagen i Bergen, ein kvardag som etter ein knallhard evaluering i vinter, blant anna skal innehalde meir fysisk trening og meir testing enn fjoråret.

– Kvar kamp me spelte i eliteserien skulle me vinne, og det er ingen skilnad no. Me er særskilt fokusert reint sportsleg, og me førebur oss sjølv og klubben på toppklasse, seier Norling.

– Er desse endringane ei erkjenning om at du kom for dårleg førebudd til norsk fotball i fjor?

– Det svir jo på ein måte at det blir konstatert at ein ikkje strekte til, og slik er det jo. Å seie at «nei, eg kom så førebudd som eg kunne» er jo å prøve komme unna noko, og det skal eg ikkje prøve på, seier Norling.

– Eg har betre innsikt no.

LES OGSÅ: Slik forbereder Brann seg for å rykke opp

– Skal ikkje love noko

Vadim Demidov

LOVAR IKKJE: Midtstoppar Vadim Demidov vil ikkje love noko for neste sesong.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Nivået er nytt, motstandarane på stadion er nye, og klubben er fullt klar over både press, og fallhøgda for den komande sesongen.

– Eg trur ikkje me skal love noko i år, slik som me gjorde i fjor, seier midtstoppar Vadim Demidov.

– Eg trur dei fleste er vane med å ha eit slikt press, så det trur eg berre kjem til å trigge oss enno meir til å komme oss opp, seier angripar Marcus Pedersen.

LES OGSÅ: – Aldri vore nokon tvil om at det er her eg vil vere